I ein månad i sommar skal Studio Hamburg spele inn film i Hjørundfjorden.

Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt

Frå 10. juni til 10. juli kjem det tyske filmselskapet til fjorden med femti mann for å spele inn scener til filmen «Age of the Earth». Handlinga i filmen startar i Oslo, før ho flyttar seg vidare til Sæbø, Urke og Øye.

Det er Frost Media med Eirik Vaage og Gustav Nyquist som har fått Studio Hamburg til å kome til Sunnmøre. Frost Media har spesialisert seg på å finne gunstige plassar å filme på kring om i landet. I tillegg fungerer dei som eit norsk støtteapparat som ordnar med logistikk og sørgjer for at alt går på skinner for filmselskapa og skodespelarane.

LES OGSÅ: Laga musikkvideo av film frå tippoldefar 

Norddal og Hjørundfjorden
Før Studio Hamburg kjem til Hjørundfjorden, skal dei spele inn filmen «Below the Ice» i Norddal i ein månad.

– Handlingane i begge filmane går føre seg i små fjordbygder. Innhaldet er variert, men det er mykje fokus på natur, det nasjonalromantiske med fjord, fjell og det litt enkle livet nær naturen, fortel produksjonskoordinator Gustav Nyquist i Frost Media.

Når innspelinga i Norddal er ferdig, flyttar TV-teamet til Sæbø, Urke og Øye, der nye skodespelarar kjem på plass.

– Det kjem femti personar med trailerar og utstyr. Ein vil nok merke at det kjem ein del nye andlet til bygdene i ein månad, seier Nyquist.

Dei tyske skodespelarane er ukjende i Noreg, men ifølgje Nyquist og Vaage er dei superkjendisar i heimlandet.

LES OGSÅ: Dette er årets mest sette film 

Romantisk film
I filmen skal Sæbø, Urke og Øye klippast saman til ei fiktiv grend. Handlinga i «Age of the Earth» er av det romantiske slaget.

– Det er ein romantisk film om ein geolog som reiser frå Oslo til bygda Marifjord for å studere ein bergart. Der møter han ekspedisjonsleiaren Birthe, som skal vise han fjella. Ein romanse utviklar seg, seier Nyquist.

Han fortel vidare at dei treng hjelp frå lokalbefolkninga til filminnspelinga.

– Vi er på jakt etter mellom 20 og 30 personar som kan vere statistar i ein redningsteneste. I tillegg er det nokre andre mindre, men viktige statistroller.

LES OGSÅ: Veksesmerter i film-Noreg 

Statistar
Aldersmessig kan statistane vere i alle aldrar, opp mot femtiåra. Og sidan det er snakk om statistar utan dialog, er det ikkje eit krav å kunne snakke tysk.

Dei som vil vere statistar kan møte opp på Frost Media sine lokale i Kulturnæringshagen i Volda komande laurdag klokka tolv. Eirik Vaage seier dette kan vere ein fin sjanse til å lære litt om filminnspeling.

– Å vere statist er ei anledning til å oppleve eit stort filmsett og sjå korleis det fungerer. Det vert ordna med transport til plassane det skal filmast. Der får ein sitje saman med filmcrewet og få informasjon om korleis ein skal spele rollene. Så får ein kostyme og sminke, avhengig av kor nær kamera ein skal vere, seier han.

Statistjobben varer ein dag.

Legg til rette
Frost Media har tidlegare lagt til rette for filminnspeling i Noreg for fleire utanlandske selskap. Belgisk, nederlandsk, tysk og svensk TV har alle spelt inn filmar med hjelp frå Frost Media. Ein Hollywood-produksjon har dei også fått på CV-en. Delar av kinoaktuelle «Thor 2» vart spelt inn i Lofoten, der Frost Media hadde funne plassane dei filma.

Studio Hamburg, som skal spele inn dei to filmane på Sunnmøre, har om lag tre tusen tilsette og står for ein ganske stor del av den tyske filmproduksjonen. Dei har tidlegare samarbeidd med Frost Media om åtte spelefilmar.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE