Kreativ problemløysar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Maria Bjørlykke frå Volda har fått internasjonal merksemd allereie før ho er ferdig utdanna. Bordet Kantarell vart mellom anna vist fram i New York og Los Angeles i fjor vår, og Tea Tins vart vist fram på Paris DesignWeek. Ingen av desse produkta er i produksjon enno, men designaren vurderer å prøve å gjere noko med det.

Men først har ho ei masteroppgåve å levere.

LES OGSÅ: Christian gjer designsuksess

Skred i Nordangsdalen
Framtida møter ho på Kunsthøgskulen i Oslo der ho held på med innspurten med masteroppgåva i Interiørarkitektur og møbeldesign. Sju studentar sit i eit rotete opent landskap. På plassen til Maria er små modellar av landskap og hus. I tillegg til mosegrodde steinar og kantete treklossar. Ho har valt å fordjupe seg i småskala arkitektur.

– Prosjektet mitt heiter Skred. Det har fått namn etter det punktet i prosessen når noko losnar, forklarar designarspira, som Aftenposten meiner er ein av dei ein må sjå opp for framover.

Ho lagar kunstnarbustad til Monica Flakk Nordang, som òg er masterstudent ved kunstfagpå Kunsthøgskulen. Bustaden skal ikkje byggast, men oppgåva er ganske reell sidan kunstnaren har ei tomt i Nordangsdalen. Området er ikkje ukjent med skred.

Dei to kunstnarane skal òg ha ei utstilling saman på Bakketunet i Hjørundfjorden i sommar under kunstfestivalen Indiefjord.

LES OGSÅ: Tjuefjorten: Design har blitt inkje-kjønn

Stadpoesi
I masterprosjektet freistar ho å tolke kunstnararbeidet og landskapet i bygget.

– Det er ein slags poesi i det å vere på ein stad åleine. På ein tankestad. Når ein er i eit fysisk landskap er ein òg i eitt indre landskap, forklarar 28-åringen, som er i gang med det ho kallar eit draumeprosjekt. 

Snart skal ho ut i arbeidslivet, og er budd på at det ikkje vil verte kasta arbeid etter ho. Litt av grunnen til at ho vel å fordjupe seg i interiørarkitektur framfor møbeldesign er av omsyn til levebrødet. Så kan ho alltids designe møblar på sida.

Det er likevel ei vanskeleg skiljelinje, for møblar ogromgår hand i hand. Men i designbransjen er det rift om merksemda.

– Det er knallhardt arbeid og handlar mykje om nettverk.Ein liten del er design, medan ein stor del er alt det administrative rundt. Det tykkjer ikkje eg er så artig, men slik er det i alle yrker,også i designaryrket forklarar Maria, som håpar på ein jobb ved eit kontor med folk som har erfaring.

Draumen er å starte noko eige ein gong, men ikkje åleine. Ein er avhengig av andre for å arbeide kreativt, forklarar Maria.

LES OGSÅ: Samlar seg for design i Stryn 

Saka fortset under biletet.


Ein kreativ pult er ofte ein rotete pult. Foto: Privat

Møbelblod
– Men eg seier ikkje at no skal eg vere kreativ. Eg seier at no skal eg løyse eit problem. Kreativitet handlar om problemløysing, seier den utflytta voldingen, som er barnebarn til ein tidlegare møbelfabrikkeigar.

Åslids møbelfabrikk leverte stort til den amerikanske marknaden i tiåra etter krigen. Maria sjølv har vakse opp med møblar frå fabrikken, utan at ho har tenkt over linken mellom dette og yrkesvalet før seinare.

– Eg har alltid hatt ein fot innanfor det kreative. Eg har drive mykje med scenekunst og er veldig interessert i arkitektur. Eg valte dette fordi eg følte eg har noko å tilføra, forklarar Maria.

Av arbeidet sitt til no er ho mest nøgd med karaflane til vin og vatn, som ho laga til eit kapell.

– Det er noko med formene eg synest stemmer. Eg likar når det er små detaljar, som kan stå åleine. Det skal ikkje skje for mykje, seier masterstudenten, som snart skal flytte inn i nytt hus.

Då er draumen å lage mange av møblane sjølv.

LES OGSÅ: Gullsmed med sølvstreng 


Maria har teke bilete undervegs i prosessen med prosjektet Skred. Foto: Privat