Frå gresk bokhandel til bokdebutant

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå bokhandlar til forfattar

Forfattardebutanten Anne Bergset Oikonomaki kjenner Kreta betre enn dei fleste. I tjue år hadde ho sin heim på ferieøya, før ho vendte nasen heimover i 2011. Då hadde ho med seg to bokmanus ho hadde arbeidd med i nesten ti år. Det eine er vorte debutthrilleren «Smådjevlane», utgjeven på Samlaget.

LES OGSÅ: Ny vår for nynorsk krim

Thrillerkjærleik
Skrivinga fekk ho tid til når det var dødtid i bokbutikken Argo, som ho både starta opp og dreiv på Kreta. Mykje har endra seg undervegs, både i livet og boka. I dag arbeider ho som norsklærar for innvandrarar i Stryn.

– I førstninga jobba eg veldig mykje om natta. I det store og heile så er det ein veldig jobb å skrive, skrivOikonomaki i ein epost til Framtida.

Men det er moro òg, passar ho på å leggje til.

Grunnen til at debutboka vart ein thriller er at forfattaren frå Stryn fall for «Nålen» av Ken Follet på 80-talet.

– Den forelskinga kom eg nok aldri heilt over.

No har forelskinga resultert i hennar eigen thriller der handlinga er lagt til Kreta og Noreg, som trass alt berre er ein chartertur unna kvarandre.

Korleis er det eigentleg å debutere som forfattar?

– Det er ikkje så nifst som eg frykta. Eg kjenner det nok litt som om det ikkje er mi bok lenger no, men lesaren si, forklarar forfattaren, som no gir ansvaret vidare til lesaren.

LES OGSÅ: Prøver å skremme seg sjølv

Helikopterføring
I tillegg til sin lokalkjennskap har ho fått hjelp av ein helikopterpilot med fagkunnskap

– Han lærte meg mykje om det tekniske, samt korleis helikopter reagerer med last, og når det styrtar, fortel Oikonomaki.

Med spenningsslepp rett før påska kan ein lett forveksla romanen med krim, men det er det altså ikkje. Sjølv les ikkje forfattaren påskekrim. Og ho forklarar at i ein thriller er det tidsfaktoren som skal gjere historia spanande, ikkje kven som står bak ugjerninga.

– Generelt saknar eg dei store historiene i ny, norsk litteratur, seier bokentusiasten.

Før Nesbø
I bokbutikken Argo var utvalet stort sett gresk, men i turistsesongen tok ho inn dei andre store europeiske språka. Lett litteratur var det som gjekk mest av. Det var før Jo Nesbø hadde lagt det området under seg, men han er blitt populær der no, kan Oikonomaki fortelje.

Då ho fór heimatt til Noreg reiste ho frå eit Hellas i krise, der folk var forbanna over å skulle betale for korrupsjonen som tømte den greske statskassa.

– Forståeleg nok, meiner forfattardebutanten, som ikkje har tenkt over om det vil kome ei gresk omsetjing av thrilleren hennar.

Les siste boknytt her!