– Nakenbilete på sosiale medium er eit kjempeproblem mellom unge i Ørsta og Volda.

Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt
Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt

Det fortel politibetjent Pål Inge Olsen. Han har i mange år arbeidd med førebyggjande arbeid mellom unge i Ørsta og Volda.

Facebook
Olsen konstaterer at ungdommen meir enn nokon gong har dialog med kvarandre gjennom m.a. Facebook, Instagram og Snapchat. Sistnemnde er ei bildedelingsteneste der ein sjølv bestemmer kor lenge eit bilete ein sender skal visast for mottakar. Bileta er synlege i 3–10 sekund før dei vert sletta.

Denne sjølvdestruksjonsfunksjonen gjer at terskelen for å dele grove bilete vert lågare, og det har også gjort såkalla sexting til eit populært fenomen, altså at ein sender bilete, tekst eller video med seksuelt innhald.

Problemet er at bileta enkelt kan hentast fram igjen ved hjelp av ein app som hentar fram skjulte og sletta mapper på mobilen. Det er også enkelt å ta bilete av bilete før det vert sletta, åtvarar Olsen.

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat

Kjærleiksforhold
– Dei typiske episodane vi får melding om er nakenbilete som vert sendt rundt til uvedkomande etter at kjærleiksforhold tek slutt. Det ligg altså rein hemn bak, fortel Pål Inge Olsen.

Han oppmodar foreldre om å vere meir interessert i kva dei unge driv med på sosiale medium.

– Mange foreldre har ikkje aning om kva som skjer på dei unge sine nettstader, erfarer politibetjenten.

Les saka i Møre-Nytt!

LES FLEIRE SAKER OM NETTVETT HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51
ANNONSE