Vil forske på norske islamistar
Lars Gule har søkt Forskingsrådet om 10 millionar kroner for å forske på dei norske islamistgruppene Islam Net og Profetens Ummah.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I Noreg er vi i den unike posisjonen at dette er nye grupper. Det blir mogleg å studere eit miljø der desse vert etablert og veks fram, seier Lars Gule, som er førsteamanuensis ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) til Aftenposten.
Gule håpar forskingsprosjektet kan kaste lys over kvifor muslimar frå Noreg drar til Syria, kven som organiserer reisene og kva for internasjonale samband og nettverk som inspirerer dei.
Gule medgir at manglande samarbeid frå forskingsobjekta kan bli ei utfordring.
– Men det burde vere mogleg å få dei og dei andre gruppene i tale fordi dei har interesse av å bli framstilte så presist og fordomsfritt som mogleg. Det betyr jo ikkje at vi må vere einige med dei og støtte ideologien deira, men dei må bli presenterte på ein måte som dei kjenner seg igjen i, seier Gule.
Dersom forskarane ikkje slepp til vil dei sjå på korleis gruppene har presentert seg i tradisjonelle og sosiale medium i form av handlingar, slagord, parolar og appellar.
Islam Net ønskjer at journalistar skal fylle ut eit skjema der det vert stilt ei rekke vilkår før dei vil uttale seg til journalistar. Det var ikkje aktuelt for Aftenposten å gå med på, skriv avisa. (©NPK)