Ungdommens råskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette var temaet for Ny debatt på Litteraturhuset i Oslo torsdag kveld.

Svaret er dialog, meiner Yousef Assidiq, som er samfunnsdebattant og skribent. Han var i panelet på Litteraturhuset torsdag kveld, då debattserien «Ny debatt» tok for seg tema som ekstremisme, ungdom og dialog. I panelet sat og filosofen Lars Gule, politioverbetjent Bjørn Erik Øvrum som er kriminalitetsforebyggande koordinator i Oslo politidistrikt, og Sylo Taraku, generalsekretær i Likestilling, Integrering, Mangfold (LIM). 

– Det er kanskje spesielt viktig med dialog for ungdom som ikkje føler dei strekker til. Mange kan føla seg misforstått og mistenkjeleggjort utan grunn, ei kjensle som vert forsterka av å bli stengt ute frå samtalen, seier Assidiq innleiingsvis. 

Han oppmodar til å lata meiningane til ekstreme grupper som Profetens Ummah komma fram i lyset.

LES OGSÅ: Horne ber foreldre ta meir ansvar

Ikkje for einige
Assidiq fortalde etter debatten at han var bekymra for at dei fire i panelet skulle vera for einige. På mange felt var dei òg samde, men noko motstand kom frå Lars Gule.

– Ein kan alltid snakka med folk, men ein kan ikkje snakka med alle overalt. Nokre gonger er det naudsynt å berre ta ein kopp kaffi. Ein bør ikkje sleppa til synspunkt som fremjar vald i ein TV-debatt.

Gule meiner at ein må verna om dei viktige ideala når ein tek tak i vanskelege debattar, og når Politiets sikkerheitsteneste (PST) jobbar.

– Skal du vera veldig kritisk mot ekstremistar er det viktig å understreka at du forsvarar dei grunnleggande rettane, som demokrati, menneskjeverd og menneskjerettar. Lik behandling er òg viktig, ein aksepterer ikkje å bli demonisert urimeleg. Følgjer PST med på islamistiske ekstremistar, må dei følgja like godt med på høgre-ekstremistar og venstre-ekstremistar. Elles føler ein seg som eit utvald offer.

LES OGSÅ: Vil forske på norske islamistar

På gata og på data
Bjørn Erik Øvrum frå Oslo politidistrikt fortalde korleis politiet jobbar med ekstremisme blant ungdom. Han fortel at ekstreme grupper ikkje er eit stort problem i Oslo, men at dei likevel jobbar aktivt opp mot nettopp dei.

– Som det vart sagt under debatten, så ligg det i det ekstreme sin natur at det er lite av det. Å vera ekstrem er å vera eit stykkje under normalen. Dei skapar ikkje særlege problem for oss no, men me må følgja med overalt for at det skal halda seg slik, seier Øvrum.

Han legg til at det er politiet si oppgåve å gripa inn før noko kriminelt skjer, men ikkje å slå ned på ekstreme haldningar. Det er opp til resten av samfunnet å argumentera for demokratiet og menneskerettar. Han samanliknar samfunnet og politiet med eit fotballag, der han sjølv er målvakta.

– I fotball vil du ofte at ballen skal stoppast på midtbana, men slepp han gjennom er det viktig at målvakta er der og tek imot. 

For politiet er og dialog viktig.

– Me snakkar med folk på gata, og på nett. Det er slik me stoppar ballen på veg mot mål. Me føler det fungerer, men me kan alltid bli betre.

LES OGSÅ: Ber imamar ta avstand

DIALOG OM DIALOG: Panelet på Litteraturhuset diskuterte ekstremisme blant ungdom, og korleis dialog kan brukast for å motverka vald. Frå venstre: Bjørn Erik Øvrum, Yousef Assidiq, Lars Gule og Sylo Taraku.

Identitetsjakta
Eit viktig spørsmål i debatten var korleis ungdom vert trekt mot dei ekstreme miljøa. Lars Gule ser på det som eit ungdomsfenomen.

– Dei ekstreme gruppene kan vera eit alternativ til kriminalitet og stoffmisbruk for ungdom som manglar ei retning i livet. Miljøet blir eit moralsk kompass, og sjølv om resten av samfunnet ser på det som feil retning, er det i alle fall ei retning.

Yousef Assidiq hamna sjølv i liknande miljø for nokre år sidan, då han skulle demonstrera mot dei mykje omtala Muhammed-karikaturane.

– Brorskapet var ei trygg hamn. Eg følte eg hadde mista all tilhøyrsle eg hadde frå før, og skulle ønska at nokon hadde tatt tak i meg tidlegare, seier Assidiq.

Assidiq oppfordrar igjen til dialog.

– Me må slå tilbake mot ekstremisme og hat. Det å ignorera bidreg til meir hat. Ein må svara, og visa at ein ikkje finn seg i ekstreme haldningar. Det er folkemordsretorikk som historisk har ført til mange drap.

Faktaboks

• «Ny debatt» er arrangert av Litteraturhuset og Barne- og ungdomsorganisasjonane i Oslo (UngOrg). Denne debatten vart og arrangert saman med Ung Dialog.
• Ung Dialog er ein organisasjon for trus- og livssynsengasjert ungdom. Dei jobbar for å fremja dialog i samfunnet.
• "Profetens Ummah" er ei ekstrem islamistisk gruppe i Noreg. Talsmann for gruppa, Ubaydullah Hussein, meiner storparten av norske muslimar som har reist til borgarkrigen i Syria er medlem av gruppa.