– Bruk hovudet bak rattet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utforkøyring og påkøyrslar etter forbikjøringar er ein gjenganger i påsketrafikken.

I fjor hadde me fire drepne og 16 hardt skadde etter 134 ulukker med personskade i påskedagane.

Tilpass farten etter forholda, hald køen og bruk hovudet, er Statens vegvesen si oppmoding til påsketrafikantane.

– Mange har det uforståeleg travelt i påsketrafikken. Det er betre å komma litt seinare fram enn ikkje å komme fram i det heile, er oppmodinga frå vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

I snitt har 5,5 personar mista livet i påsketrafikken dei ti siste åra. Ytterlegare 20 har blitt hardt skadde i om lag 153 trafikkulukker med personskadar kvart år.

– Mange av ulukkene skjer som følgje av forbikøyringar i tett trafikk. Desse kunne ha vore forhindra, seier vegdirektøren.

At mange køyrer på vegar som dei ikkje er vande til å køyre på, gjer forbikøyringar ekstra farleg.

– Ved å tilpasse farten etter forholda og uansett ikkje køyre fortare enn fartsgrensa, gjer du eit viktig bidrag for at me alle kan ferdast trygt i påsketrafikken, seier Gustavsen.

Halve Norge er på reisefot i påska. Ikkje alle skal til fjells, men mange oppgir besøk til familie og venner som aktivitet i fridagane. Trøkket på hovudvegane vil vera stort på dei mest utsette utfartsdagane.

Påsketuristar som skal til fjells må sørgje for riktig dekkval. Sjølv med fint vêr i låglandet kan det bli både frost, snø og uvêr i og over fjellet.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!

Faktaboks

Påskeynskje frå Statens vegvesent

► Sjekk vêr- og føremeldingar. Planlegg turen!
► Køyr etter forholda og hald fartsgrensa. Hald køen!
► Bruk bilbelte
► Sørg for at bilen er i god teknisk stand.
► Pakk rett!
► Stopp og sov dersom du blir trøytt

Kjelde: Statens vegvesen