Færre bønder, men meir tyn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er vel berre Israel-saka som vekkjer so mykje engasjement i Noreg som bøndene. Kvifor det er slik, er vanskeleg å forstå. Bøndene er i den store samanhengen på lik line med Israel heilt uviktige for norsk økonomi og norsk politikk. No står i alle høve landbruksoppgjeret for døra, og avisene vert fylte med spaltemeter etter spaltemeter, krigen står for døra i år òg.

Eitt synest klårt: Noko skal henda. Landbruksminister Sylvi Listhaug har lova å frigjera «produksjonskreftene i landbruket»; kvotetak, fylkesgrenser for mjølk og pristak på landbrukseigedom og mykje anna står visst for fall. Produktivitetsrevolusjonen kan byrja.
Men det er eitt eller anna som ikkje heilt stemmer med List­haugs retorikk, for er det noko bøndene har gjennomført, og det for lenge sidan, so er det nettopp ein produktivitetsrevolusjon, ein nær evigvarande og permanent revolusjon. Inga anna næring i norsk historie kan visa til ein so sterk produktivitetsvekst som norsk landbruk. I det ligg sigeren deira, og i det ligg tragedien deira, for med auka produktivitet fylgjer redusert politisk makt.
Men fyrst dei smått utrulege tala og ein historisk gjennomgang. Norsk landbruk var eit hangar­skip, no er det knapt nok ein ljosglimt på radaren.

Ein halv prosent
I 1950 var 23,5 prosent av alle nordmenn sysselsette i landbruket eller skogbruket; i 2005 var det same talet 2,5 prosent. Som del av samla verdiskaping (BNP) utgjorde landbruket medrekna skogbruk 7 prosent i 1950, no er det 0,5 prosent. Norske bønder skaper altso verdiar tilsvarande 15 milliardar kroner i dag, medan utgiftene om vi tek med tollvernet, er på vel 0,9 prosent, eller 28 milliardar, seier OECD. Altso får bøndene direkte og indirekte mest dobbelt so mykje i stønad som dei genererer i verdiskaping. Litt stygt sagt får norsk landbruk ein ressurs frå staten og skatte­betalarane i den eine enden, og ut i den andre enden kjem ein mykje mindre ressurs. 1,3 prosent av det norske statsbudsjettet går med til landbruksstønad. Attende får staten og kommunane rundt rekna 0,4 prosent av statsbudsjettet i skatteinntekter frå bøndene.

Sidan 1950 har talet på gardsbruk gått ned med over tre fjerdedelar. Det fine er at det ikkje har vore nokon nedgang å tala om i landbruksareal. Vi har meir dyrka mark i dag enn i 1950. Gjennomsnittsarealet har vorte firedobla i denne perioden sidan dei fleste nedlagde gardar no har vorte tilleggsjord. 40 prosent av alt areal vert i dag leigt som tilleggsjord.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Halvering på tjue år
I 1950 var det 350.000 sysselsette i landbruket, no er det vel 50.000. 300.000 menneske har altso slutta i landbruket. Berre sidan 1990 har 50.000 forsvunne, like mange som det er att i dag. Altso ei halvering på vel tjue år. Dette er ein del av ein ålmenn trend, stadig færre menneske produserer varer, stadig fleire produserer tenester. Etter krigen var 40 prosent av alle sysselsette i tenest­eytande næringar, no er om lag 80 prosent tilsette i tertiærnæringane, men bøndene har hatt ein relativt sett mykje større nedgang enn alle andre produksjonsnæringar.

Det som er spesielt gledeleg sett frå Finansdepartementets side, er den ekstreme nedgangen i timeverk. Medan sysselsetjinga har gått ned med vel tre fjerdedelar, har talet på timeverk gått ned med sju åttandedelar. I 1950 utførde landbruket 845 millionar timeverk, i 2005 var det same talet berre 117 millionar, no er det truleg under 100 millionar. Bøndene har vorte færre, litt latare og ekstremt mykje meir effektive.

No har ikkje bøndene fått redusert arbeidstida si like mykje som industriarbeidarane. Kvar bonde – og hugs at dei har vorte mange færre – har redusert arbeidstida si med 18 prosent, industriarbeidarane med 24 prosent. Bøndene er forresten internasjonale, rundt 10 prosent av alle timar vert utførde av innleigd utanlandsk arbeidskraft. Men ja, bøndene arbeider meir enn alle andre, til dels mykje meir. Dei som berre arbeider på garden, arbeider 48 timar i veka, dei med arbeid ved sida av nyttar 43 timar på garden.

Bort med poteta
For mange som nærmar seg femti eller er eldre, var potetferien reell i den forstand at dei faktisk tok opp poteter. Den tradisjonelle kystkosten var poteter og fisk. Slik er det ikkje lenger. Kjøtproduksjonen har vorte tredobla sidan 1950, vi drikk og konsumerer like mykje mjølk som i 1950, kornproduksjonen er firedobla sidan 1950, medan vi langt på veg har kutta ut poteta, som har fått ein reduksjon på 80 prosent. Men det vert kompensert for gjennom ein sterk auke i grønsaker. Samla sett produserer dei få bøndene som er att, meir enn 200 prosent fleire kaloriar enn i 1950 og 100 prosent meir menneskeføde.

Men jamvel om vi stappar i oss kjøt, brukar vi i dag berre 10 prosent av alt vi konsumerer, på mat. I 1950 var talet 30 prosent. Nordmenn har vorte steinrike og får relativt sett stadig billegare mat. Slik er det mellom anna fordi kornproduksjonen har vorte firdobla, medan talet på produsentar har gått ned frå 112.000 i 1950 til 15.000 i dag.

Atter: Dette er ei fantastisk gladhistorie om vi tenkjer nasjonaløkonomisk. Produktiviteten har auka med 800 prosent, og særleg stor har han vore dei seinaste femten–tjue åra; i den tida har veksten lege permanent på 4 prosent i året, som er dobbelt so høgt som i industrien. I bygg og anlegg har vi derimot hatt ein samla nedgang på 20 prosent sidan 1994. Bøndene har fått til det byggnæringa ikkje har fått til: å nytta utanlandsk arbeidskraft til produktivt arbeid.

Kva skal henda?
Likevel vert altso bøndene av svært mange framstelte som produktivitetsnedsetjande og reaksjonære attergløymer. Men sett bort frå det: Kva er det regjeringa vil skal skje i landbruket? Denne veka heldt statssekretær i Landbruksdepartementet Hanne Blåfjelldal føredrag på Bulystkonferansen i Jølster. Ho ville ikkje seia kva krav regjeringa kom med i dei komande landbrukstinging­ane, men ho tala viljugt om dei overordna måla sine: Regjeringa vil oppheva fylkesgrensene for mjølkekvotar, og dimed kan ein bonde frå Jæren kjøpa ein kvote frå ein bonde i Sogn og Fjordane. I dag er kvotetaket for einskildbruk på 400.000 liter i året og 700.000 for samdriftfjøs. Desse grensene vil regjeringa lyfta og helst taka bort. «Bonden må sjølv få avgjera kor mykje han vil produsera», sa Blåfjelldal.

Vidare fortalde ho at konsesjonsplikta burde bort, at landbrukseigedomar måtte kunna omsetjast fritt, og at bønder ålment burde få avgjera sjølve korleis eigedomen skulle nyttast.
Eit døme ho gav, var mjølke­robotar. Dei kan i dag mjølka 600.000 liter i året. Det i sin tur gjer at einskildbønder ikkje investerer i robotar sidan dei berre kan nytta dei til 400.000 liter, sa Blåfjelldal. Samdrifter på si side har ikkje incitament til å kjøpa robot nummer to sidan dei berre kan produsera 700.000 liter. Å lyfta kvotetaket er elles noko regjeringa per dato har fleirtal for i Stortinget sidan Venstre i sitt program går inn for å lyfta kvotetaket.

LES OGSÅ:Skeptiske til ny mjølkepolitikk

Lite, so mykje
Lat oss so tenkja oss at regjeringa får gjennomslag for endringane, kva vil dei få å seia? Til å byrja med truleg nokso lite. Avskalinga av norske bønder har med unnatak av ein stutt periode i 1970-åra då overføringane auka dramatisk, vore eit permanent fenomen i norsk landbruk. Det noverande avskalingstempoet gjer at det om tjue år berre er 20.000 bønder att i Noreg. Og om ti år kjem avskalinga etter det meste å døma til å gjera eit dramatisk hopp, for då er siste frist ut for å innføra lausdrift – at kyrne går fritt i fjøset. Alle bønder i dag som baserer seg på båsdrift, må då ha lagt om til lausdrift. Dette vil for mange vera ei so stor investering at ho ikkje kan forsvarast. Dessutan har det fram til i dag vore slik at alle kvotar som har kome i sal eller til leige, har vorte tekne over av andre bønder.

Det er heller ikkje slik at det er for lite mjølk i noko fylke, bøndene på Jæren leverer meir enn nok mjølk til Stavanger og Sandnes. Men lat oss seia at storbøndene på Jæren får lyft produksjonstaket til 1,2 millionar liter mjølk og dimed kan kjøpa ein mjølkerobot til. Vel, då må dei skaffa seg tilleggsjord. På Jæren er alt oppdyrka, då må ein annan bonde slutta. Sluttar denne bonden, er som regel alternativet å leiga jorda hans, men leigejord ligg som regel ikkje inntil den garden som held oppe mjølkeproduksjonen. Då må stordriftsbonden køyra langt med møk. For so mange kyr som skal til for å produsera 1,2 millionar liter mjølk, genererer enorme mengder med møk.

Om sentrale strok av Noreg skal produsera det meste av maten vi treng, so kjem eit anna problem opp, nemleg infrastruktur. Verkeleg effektiv storgardsdrift krev faktisk enorme vidder. I store delar av Europa, særleg i Nederland, har dei løyst dette ved å skapa ein marknad for naturgjødsel. Kvart år produserer kjøtprodusentane i Neder­land 85 millionar tonn med møk, men treng berre 50 millionar tonn til gjødsling. Resten vert transportert hit og dit med tog og trailer og store tank­bilar. Men same kor mykje nederlendarane slit, har dei ikkje fått denne biten til å verta lønsam. Kostnadene ved denne møkproduksjonen er enorme.

LES OGSÅ:Bøndene auka inntektene

Går ikkje i Noreg
I Noreg er det vanskeleg å tenkja seg at noko liknande er mogeleg. Vi er eit grisgrendt land og har ikkje tog- og vegfasilitetar som kan gjera dette rekningssvarande korkje no eller i nær framtid. Men samstundes er det liten tvil om at det sentrale Austlandet er svært godt eigna for kjøt- og mjølkeproduksjon. Om kvotegrensene og kvotetaka vert tekne bort, so vil dette over tid føra til at produksjonen og talet på bønder i distrikta går kraftig ned, truleg raskare enn under det noverande regimet.

Men skal det henda, må kornbøndene som framleis produserer og som i framtida kan gå over til kjøt og mjølk, verta bytte ut med endå meir korn- og soyaimport og endå meir sentralisering av matforedlinga. Det opnar opp for nye perspektiv. For kva hender då med landbrukssamvirka og hente- og leveringsplikta?
Den butikkjeda som konsekvent har billegast mat i Noreg, er REMA 1000. Deira hovud­leverandør av kjøt er Nordfjord Kjøtt. Dei er ikkje med i samvirkeordninga. Det gjer at dei berre hentar kjøt hjå bønder som ligg langs riksvegar. Difor kan dei levera billegare kjøt til Rema.

Om det vert få bønder att i Noreg, vil det etter kvart verta lønsamt for dei som er att å selja landbrukssamvirka, som i dag kanskje er verde rundt 50 milliardar. Tine og Nortura har bygt opp enorme logistikkorganisasjonar og har ei rad merkevarer. Om kvar attverande bonde fekk ein lik del ved eit sal i dag, talar vi om over 1 million per bonde. Ein eller annan gong der framme vert det kanskje freistande å realisera denne vinsten og selja til butikkjeder eller matvarekonsern, som i sin tur vil gjera dei endå meir effektive. Då ryk henteplikta. Og ryk henteplikta, ryk småskalabonden som vil levera særmerkt lokalprodusert mat med høg kvalitet. For om ingen vil henta, kan ingen få kjøpa.

Opp til politikarane
I alle høve, medan vi alle har meiningar om norske bønder, vert dei berre færre og færre, og di meir effektive dei vert, di mindre politisk makt får dei. Men bønder er ettertrakta arbeidskraft. Er du bonde og under femti år og bur på Vestlandet, står oljeselskapa i kø for å tilsetja deg. Held utviklinga fram, vert den siste bonden ein polsk vikar som arbeider for Matvarekonsernet AS. Nokre vil meina at det er bra, andre dårleg. Men det er berre politikarane som kan stogga den nær evigvarande trenden norsk landbruk er inne i.

LES KOMMENTAREN I DAG OG TID!