Her kjem nynorskens Las Vegas

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar nynorsk strippeklubb

Verdas første nynorske McDonalds opna i haust på Heiane på Stord. No blir snøggmatkjeda første del av ei gigantutbygging i verdas største nynorskby. Det er klart etter at ei ny EU-lov tvingar gjennom ei opning for casino-verksemd og fritt spritsal i område med minoritetsspråk.

– Lova er inspirert av amerikansk lovgjeving som opnar for gambling-verksemd i indianarreservat, forklarar ekspert på EU-lovgjeving, Elin Underhaug til Framtida.no.

– Største sidan fjordane blei skapt
Blant dei som jublar etter EU-vedtaket er ei gruppe investorar på Vestlandet som no presenterer planane dei har for det som skal bli nynorsken sitt svar på Las Vegas.

– Dette vil vera den største hendinga for norsk turisme sidan fjordane blei skapt, proklamerer majoritetseigar Svein Yngvar N. Digernes.

Mållaget nøgd
Mållaget jublar over gigantsatsinga.

– Synda har kome til jorda. Då er det på tide at ho òg kjem på nynorsk, heiter det i ei pressemelding derifrå.

På den smale sti
Tidlegare emissær på Søre Sunnmøre, Bjartmar Ljosnes, har fått jobben som pastor i ei planlagt køyr-inn-kyrkje som no er under planlegging.

– Me vil gjera døra høg og porten vid, seier han, men legg til at sjølv om vegane inn til den nye byen blir breie, må bilane halda seg på ein smal sti fram til køyr-inn-kyrkja.

LES OGSÅ:Må grava opp Ivar Aasen

Manglar gitarkamerat
Som i Las Vegas, blir underhaldninga ein viktig del av tilbodet. Olav Stedje er allereie i gang med førebuingane til opningsshowet.

Stedje har fått med seg Oddvar Torsheim og Odd Nordstoga i dei nye nynorske gitarkameratane. Kven den siste gitarkameraten vert er enno usikkert.

Kven meiner du bør vera den fjerde nynorske gitarkameraten? Kom med forslag i kommentarfeltet!