Alle seks ankar mastesakdommen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For demokratiet, seier Synnøve Kvamme.

Advokat Randi Hagen Spydevold har fått i oppdrag å skriva ankebrevet som må sendast innan fyrstkomande måndag, når ankefristen går ut.

Gudrun Folkedal, Gro Aalvik, Mona Nordaas, Arne Andersen, Aslak Helleve og Synnøve Kvamme har alle bestemt seg for å anka dommen frå Hardanger tingrett 17. mars 2014, der dei vart dømde for mellom anna ulovlege demonstrasjonar.

– Feil bruk av lovverket
Synnøve Kvamme seier til Hordaland at grunnen for anken er prinsippiell.

– Politiet har brukt feil paragraf for å få oss dømde og retten har sagt seg samd med påtalemakta. Me meiner det ikkje kan vera slik at me skulle varsla sivil ulydnad på førehand. Det er feil av retten å avfeia markeringa vår som ein demonstrasjon, når det var sivil ulydnad. Det er feil bruk av lovverket.

Skal dei dømma oss, så får dei dømma oss for noko me har gjort, og ikkje noko me ikkje har gjort. Det verkar som at politiet og retten ikkje godkjenner sivil ulydnad som ytringsform. Politiet har teke ein snarveg her for å få oss dømde, seier Kvamme.

Ser ikkje bort frå høgsterett
Ho meiner dei kjempar for demokratiet i denne saka.

– Ja, det gjer me! Denne saka handlar om kva eit demokrati bør tola av markeringar i saker som er så viktige som i dette tilfellet. Sivil ulydnad bør ha status som noko eige, og anna enn kva demonstrasjon har. Me vil at lagretten tek stilling til dette spørsmålet.

– Kva om lagretten kjem fram til det same som tingretten?

– Saka kan verta avvist, men dersom det vert sak i lagretten, og me taper, så ser eg ikkje bort frå høgsterett. Då snakkar eg berre for min eigen del. Dette er ei så prinsipielt viktig sak, at eg er villig til å gå heile vegen, seier Kvamme.

– Kva tenkjer du om sakskostnader som de kan verte idømde?

– Tingretten kom fram til at me ikkje måtte dekka sakskostnadene, då ei slik sak ikkje har vore prøvd for norsk rett tidlegare. Lagretten kan koma fram til noko anna, men det er uansett ikkje det viktigaste for oss. Det handlar ikkje om pengar, men om protestar mot maktmisbruk og viktige prinsipp knytte til ytringsfridom, seier Kvamme.

Trong for avklaring
Advokaten til Kvamme og dei fem andre aksjonistane, Randi Hagen Spydevold, seier til Hordaland at saka først må gå gjennom i kjæremålsutvalet.

– No sender eg ein anke som markerer at me vil gå vidare. Deretter sender me eit støttebrev der grunngjevinga for anken vert gjort kjend. Dette brevet tek kjæremålsutvalet stilling til. I straffesaker hender det at anker ikkje når fram av ulike årsaker. Dei kan verta vurderte som ikkje interessante nok, eller utvalet kan koma til at dommen er i tråd med deira eige syn. Når ein fram i kjæremålsutvalet, så går saka til lagmannsretten for ny vurdering.

– Det vert sagt at ei slik sak ikkje har vore prøvd for norsk rett før. Det burde kanskje borga for at den i alle fall er interessant nok for ein høgare rettsinstans?

– Ja, det vil eg seia, på fleire punkt. Mellom anna er det tydelegvis trong for ei avklaring på kor mange menneske som skal til for å danna ein demonstrasjon som politilova sine bestemmelsar om varslingsplikt skal gjelda for. Eller rettare: kor få folk som skal til. Eg har trudd at varslingsplikta gjeld for større demonstrasjonar og for at ordensmakta skal ha gode vilkår for å hindra bråk og setja liv og helse for fare i samband med at folk samlar seg og kjem med ytringar.

I denne saka har det handla om berre nokre få menneske på ganske avsides plassar.

– Feil bruk
– Kvamme viser til at det aldri var snakk om nokon demonstrasjon frå deira sida, men sivil ulydnad.

– Ja, og då meiner me at det er ein svak samanheng mellom handlinga dei har utførd og kva del av lovverket dei er straffa med. Til dømes gjeld dette handlingane til Aslak Helleve og Synnøve Kvamme.

Handlingane kan seiast å vera sivil ulydnad, noko rettsboka frå tingretten også seier seg samd i. Men dei vert dømde for brot på varslingsplikta. Då vert dei same handlingane altså oppfatta som ein demonstrasjon. Det går me ikkje med på, for det er feil bruk av straffereglane, seier Spydevold.

Spydevold er også spent på kva lagretten kjem fram til i saka til Gro Aalvik, som vart dømd for ikkje å ha retta seg etter pålegg frå politiet om å fjerna seg frå offentleg stad. Det var ein stad der ho sjølv er grunneigar.

Politiet er motpart i saka. Visepolitimeister i Hordaland, John Reidar Nilsen, er ordknapp då Hordaland ber om kommentar til at saka vert anka.

– Det er ein dømd part sin rett til å anka. Eg har ingen fleire kommentarar til denne saka no, seier Nilsen.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!