Som lova vil regjeringa gjere ståhjulingen Segway lovleg her i landet. Eit forslag vart onsdag sendt på høyring.

NPK-NTB
NPK-NTB

Høyringsfristen for forskrifta – som omhandlar det kanskje meir kryptiske sjølvbalanserende køyretøy med éin aksel – er sett til 9. mai i år, opplyser Samferdselsdepartementet.

– Eg er veldig glad for at vi no får dette på plass. Sjølvbalanserande køyretøy vil vere nyttig for mange, både for turistnæringar og arbeidsplassar med lange avstandar. Eg vil samtidig oppfordre folk til å bruke hjelm, køyre med varsemd og ta omsyn til andre trafikantar, seier statssekretær Bård Hoksrud (Frp). (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE