Straffar elevane med Game of Thrones-avsløringar
Mattelærar tar i bruk drastiske verkemiddel.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Straffar elevar med avsløringar
Kva kan ein lærar gjera for å få elevane sine til å vera stille?
Nettavisa Mashable.com omtalar ein ny og effektiv straffemetode. Ein mattelærar som allereie hadde lese bøkene til George R. R. Martin, truga elevane med å avsløra kven som ville døy i den populære fantasyserien Game of Thrones om ikkje elevane slutta å bråka.
LES OGSÅ: Lagar språk for tv-seriar
Etter at nokre gutar bak i klassen byrja å fnisa, byrja læraren å skriva ned namna på alle karakterane som ville døy i løpet av sesong 3. Alle elevane som enno ikkje hadde sett Red Wedding-episoden fekk seg eit aldri så lite sjokk.
– Eg kan lova deg at det har vore ei religiøs stille etter dette, fortel ein av elevane i klassen ifølgje nettsida danstonchat.com.