– Slutt å snakke om kvinnearbeidsplassar
Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group, meiner politikarane må slutte å snakke om at det manglar arbeidsplassar for kvinner i Møre og Romsdal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Nok arbeid for kvinner
– Vi har flust av kvinnearbeidsplassar i Møre og Romsdal, men då må ein slutte å fokusere på kjønn og heller på kompetanse, sa Ulstein under eit møte om ferjefri E39 onsdag, skriv nettavisa nett.no.
Utspelet kom etter at fylkesordførar Jon Aasen hadde presentert statistikkar som viser at Møre og Romsdal slit med at mange høgt utdanna kvinner ikkje flyttar tilbake til fylket. Gunvor Ulstein kritiserte Aasen og fylkeskommunen for å snakke ned dei arbeidsplassane som finst ved å etterlyse fleire kvinnearbeidsplassar.
– Dette har med å gjere korleis vi står fram. Slik kommunikasjon slår tilbake på oss sjølve. Møre og Romsdal vil aldri kome seg ut av denne negative situasjonen om vi heile tida skal snakke om manns- og kvinnearbeidsplassar, sa Ulstein.
Fylkesordføraren la til at han sjølv ikkje hadde nemnd kvinnearbeidsplassar i sitt innlegg, og at ein ikkje kom vekk frå at det var ei utfordring at så få kvinner med høgare utdanning vender tilbake til fylket etter ferdig utdanning. (©NPK)