Med Jesus frå Bremnes og Judas frå Moster

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med Jesus frå Bremnes

Dei har berande roller i musikklinja ved Stord vidaregåande skule si oppsetjing av musikalen «Jesus Christ Superstar». I kveld har dei premiere.

Steffen Sortland sit og slappar av ute i foajeen i Stord kulturhus når Bømlo-nytt treff på han. 17-åringen frå Svortland har fått hovudrolla i musikklinja ved Stord vidaregåande skule si oppsetjing av musikalen «Jesus Christ Superstar».

– Me starta å øva alt i november/desember, men no blir det lange dagar. Denne siste helga er travel.

– Har du sett musikalen sjølv, då han vart sett opp i Moster Amfi?

– Nei, men eg har sett filmen, og så er musikken frå musikalen kjent. Som del av førebuingane har me sett ein film av ei oppsetjing som har vore på turné rundt i England med denne musikalen, hausten 2013. Det var nyttig.– Korleis set du deg inn i rolla som Jesus, korleis førebur du deg?

– Eg har lese ein del i Bibelen på førehand. Det meste kjem likevel av seg sjølv. Eg hentar det ut, inni meg. No kjenner eg at alt er i ferd med å falla på plass. Desse siste øvingane vert fine. Dei scenane eg set størst pris på å spela, er scenane der eg er i konflikt med Judas. Der er temperament viktig. Eg kjenner eg blir skikkeleg irritert. Den mest krevjande scena, er nummeret Getsemane, der Jesus slit med den tunge lagnaden som han veit ventar på han. Den scena er tøff, ho krev mykje av meg.

Tøffe, menneskelege val
Ein av dei andre store rollene i musikalen, nettopp rolla som Judas, har gått til mostringen Sondre Landvik.

– Åh, dette er ei veldig interessant rolle å tolka, seier han.

– Ho er kompleks. Judas svik sin beste ven. Eg prøver å få fram kva som gjorde at dette skjer. Kva som utløyste det. Eg likar rolla mi, og sjølve musikalen. Det fine ved han, er at rollene er likestilte. Judas, til dømes, vert ikkje einsidig framstilt. I tillegg var musikalen særs kontroversiell då han kom på 1970-talet. Han baud på mange måtar på eit nytt syn på Jesus, seier den unge mostringen.

– Karakterane som er med, får ei menneskeleg framstilling. Dei framstår som ekte. Musikken underbyggjer dette, og hjelper oss med rolletolkingane våre, meiner han.

Blinka seg ut
– Når me plukka ut ein Jesus frå Bremnes, måtte me berre finna ein Judas frå Moster!

Det glimtar til bak brilleglasa til regissør Per Jan Ingebrigtsen, lærar ved musikklinja ved Stord vidaregåande skule.

– Nei, seier han i neste sekund: – Det var sjølvsagt ikkje det at dei to var frå Bømlo som var vilkåra for at me valde dei ut til rollene. Det er berre litt morosamt i denne samanhengen å tenkja på kvar dei kjem frå. Dei har fått rollene gjennom sine eigne eigenskapar, og på kva dei har vist at dei er gode for. Eg er nøgd med innsatsen deira, seier han.

Ingebrigtsen opplyser vidare at dette er fyrste gongen fullversjonen av musikalen vert sett opp av musikklinja. Mot slutten av 1990-talet vart ein omarbeidd og avkorta versjon framført.

Kunst endrar haldningar
– Denne musikalen er i seg sjølv eit bevis for at kunst kan vera med å endra haldningar. Eg hugsar tilbake til den gongen musikallauget på Bømlo sette opp «Jesus Christ Superstar» for fyrste gong i Moster Amfi. Dette vart så lite likt av somme, at dei køyrde rundt og reiv ned plakatane som reklamerte for musikalen. Dette hadde nok ikkje skjedd i dag, meiner han.

Ingebrigtsen synest at det er mange scenetalent i sunnhordlandsregionen, og fleire av desse blir med under musikaloppsetjinga seinare denne veka.

– Det er kjekt å sjå talentfull ungdom få bløma på scena på denne måten, seier regissøren.

Les saka i Bømlo-Nytt!