Ifølgje ei utrekning som Utanriksdepartementet har gjort for Justisdepartementet, blir det anslått at amnestiet gjeld for berre 134 av dei 798 asylbarna som hamnar i denne kategorien, skriv Aftenposten.
Samarbeidspartia KrF, Venstre, Høgre og Frp vart fredag i førre veke samde om ein ny asylpolitikk og amnesti for asylbarna var eitt av områda der partia vart samde.
LES OGSÅ: Til veggs om asylborn
Håpar på fleire
Men amnestiet kjem med fleire atterhald. Noreg må ha returavtale med heimlandet til barnet, og returavtalen må ha tredd i kraft etter at asylsøknaden vart levert eller barnet vart født. Foreldra må dessutan medvirke til å avklare sin eigen og barnet sin identitet.
– Personleg hadde eg håpa at mengda var større, men eg er glad for kvart einaste barn som kjem inn under ordninga, seier innvandringspolitisk talsmann Geir Toskedal i Kristeleg Folkeparti. (©NPK)
LES OGSÅ: No smiler Halat