Ivar Aasen er den kulturpersonen som nådde høgst i VG si kåring over viktigaste nordmenn dei siste 200 åra.

mm
Faktaboks

VG-lesarane sin topp ti:

1. Den ukjente krigsseglaren

2. Kong Haakon 7.

3. Einar Gerhardsen

4. Ivar Aasen

5. Hans Nielsen Hauge

6. Gunnar Sønsteby

7. Jens Evensen

8. Henrik Ibsen

9. Rolv Wesenlund

10. Trond Bolle

Kjelde: VG.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dette er ei stadfesting av at Ivar Aasen nyt stor respekt i fleirtalet av det norske folk. Det er gledeleg at arbeidet han la ned for å skaffe sjølvstendige nordmenn eit sjølvstendig språk blir set pris på i året for grunnlovsjubileet, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Ivar Aasen toppa på Twitter

Fritt land – fritt språk
VG har teke mål av seg å rangere dei 100 nordmennene som har hatt størst betydning for utviklinga av det norske samfunnet dei siste 200 åra. Ivar Aasen kom på 4. plass i VG si kåring av viktige nordmenn etter 1814.

Den norske grunnlova og frigjeringa frå Danmark var eit avgjerande utgangspunkt for Ivar Aasen sine tankar om å finne eit skriftspråk som var vårt eige.

Slik skreiv 22 år gamle Ivar Aasen det sjølv i artikkelen «Om skriftspråket vårt» i 1836:

– Etter at fedrelandet vårt på ny er blitt slik det ein gong var, nemleg fritt og sjølvstendig, må det vere om å gjere å bruke eit sjølvstendig og nasjonalt språk, då dette er eitt av dei fremste kjennemerka på ein nasjon.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Glansbilete
Før årets Grunnlovsjubileet var Språkåret 2013, som mellom anna var ei feiring av 200-årsjubileet til Ivar Aasen. Ei spørjeundersøking Språkåret og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2012 og 2013, syner at endå fleire enn før har eit positivt bilete av Ivar Aasen.

– Kåringa i VG er nok ei stadfesting på det, seier Øvereng.

LES OGSÅ: Folk kjenner og likar Ivar Aasen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE