Trippel køyreglede

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trillingane Kristina, Rasmus og Martin Lærdal frå Sandeid er blitt myndige og i sist veke var onsdagen ekstra spennande. Då køyrde alle tre opp til førarprøven på køyreskulen.

Det er snart tolv år sidan trillingane Kristina, Rasmus og Martin Lærdal i Sandeid sto spente på trappa første skuledag, og 19. februar i år var det heile 18 år sidan dei såg dagens lys. Gjennom heile livet har trioen markert fleire milepælar i livet i saman, som både dåp, bursdagar og konfirmasjon. Og då den store myndigheitsdagen kom i sist veke, var det tre spente bursdagsbarn som gjekk over dørstokken for siste gong på Jacobsen Trafikkskule i Haugesund. I alle fall håpa dei at det skulle vera siste gong.

— Me hadde oppkøyringsdag på same dag alle tre, og mens Kristina og Martin hadde oppkøyring klokka 11.00, måtte eg venta heilt til klokka 14.00 før eg skulle køyra opp. Det blei ei lang og nervøs ventetid, seier Rasmus.

Heldigvis gjekk det bra med alle tre som kunne returnera tilbake til hyblane sine med ferske førarkort i handa.

Vgs-elevar
Etter grunnskule har trillingane skilt lag og valt ulik retning. Dei er andreklasseelevar på kvar sin vidaregåande skule. Kristina bur på hybel i Haugesund saman med ei venninne. Ho er elev på Haugesund toppidrettsgymnas, der ho tar studiespesialisering med fotball som hovudidrett. Martin har hybeltilvære på Åkra og er elev ved Åkra vidaregåande skule der han går på automasjonslinja. Til neste år håpar han på å få seg lærlingplass slik at han kan få fagbrev som fjernstyrt undervassoperatør. Rasmus går på Ølen vidaregåande skule på linja for byggteknikk og vil bli tømrar når han skal ut i arbeidslivet. Han har allereie no fått seg avtale om lærlingplass i bedrifta Haakull & Ersland i Skjold.

Mengdetrening

Å ta sertifikat på bil er ikkje billig. Ein må rekna med å punga ut rundt 22.000 kroner for minimumet av teori- og køyretimar, samt oppkøyring. Treng ein meir timar enn dette, blir det sjølvsagt også dyrare. I dette tilfelle kan du ganga summen med tre.

Trillingane synest dei er heldige sidan foreldra har vore med på å finansiera «billappen» deira.

— Det har vore ei travel tid med mange køyreturar, seier mor Grethe Hustvedt Lærdal og legg til at dei har fylt alle køyreturane opp på mengdetreningsskjema for kvar av trillingane.

— Det er slik i dag at når ein har ungdom under 23 år som skal køyra bilane våre, vil premien på forsikringa auka ganske mykje. Men om kvar og ein får over 2.000 timar øvingskøyring, slepp me høgare premie på forsikringa. Her har alle tre fått det nødvendige talet og vel så det, så me har lagt bak oss mange mil, for å seia det slik. Og ungdommane har så enormt mykje igjen for å køyra med foreldra, seier mora.

Risikokurs
Når trillingane endeleg har fått «billappen» mellom hendene, har dei ingen planar om å mista den igjen. På køyreskulen har dei gjennomgått eit risikokurs der alle har lært mykje om både risikoar og konsekvensar ein må ta som bilførarar.

— Det er klart me har eit stort ansvar når me sit bak rattet, seier Kristina.

Førebels er det berre Rasmus som har investert i eige køyretøy, dei to andre har bestemt seg for å venta litt. Den ferske bileigaren er relativt stolt over bilen sin. Ein Nissan x-trail, 2004 modell.

— Eg må jo ha ein fiskebil, når me skal ut for å fiska, seier han.

Han og broren Martin har nemleg ei felles interesse innan både jakt og fiske. Så når han no har eigen bil er det mellom anna fritt fram for lange fisketurar i saman med broremann.

Les saka i Grannar!