Forskar på Hordaland – berre med digital utgåve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar lokalavisdød

Professoren frå Voss har med utgangspunkt i Hordaland forska på korleis lokalavisene måtte vera dersom alle saker skal skrivast til nett, med kommentarfelt, interaktiv grafikk og video mellom dei nye verkemidla.

– Alle aviser bør ta den digitale utfordringa på alvor, om ikkje kan det gå mot mange konkursar mellom lokalavisene i framtida, seier professoren frå Voss.

LES OGSÅ: – Ingen nynorskaviser å miste 

Video og grafikk
Resultatet av arbeidet med Hordaland kan ein lesa som eitt kapitel i boka «Innovasjon og verdiskaping i lokale medier», som Cappelen Damm gjev ut – berre i trykt utgåve.

I boka har 15 forskarar for fyrste gong teke for seg innovasjon og verdiskaping i lokalmedia her til lands. Forskarane formidlar korleis avisene handterer endringar i teknologi og medievanar.

Lars Nyre er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen. I fjor tok han toget til heimbygda flittig for å intervjua tilsette i Hordaland. Senarioet var at Hordaland ikkje hadde papiravis, men berre digial utgåve.

– Etter samtalane med dåverande redaktør Frode Gjerald og nokre av journalistane, var det klart at mange av trekka frå dagens lokalavisjournalistikk må takast vare på også i eit heildigitalt mediehus.

På mange måter skal ein driva same typen journalistikk, men ta i bruk alle dei moglegheitene den digitale verda byr på.

Som til dømes video, omfattande bruk av interaktiv grafikk og bruka av lenkjer. Eg har inntrykk av at Hordaland er oppteken av å utnytta dei digitale moglegheitene.

Framleis vil god journalistikk, med kvalitet både på tekst og foto, vera viktig, seier Nyre.

I arbeidet sitt har han utvida desken til Hordaland, slik at ein kan jobba med interaktiv grafikk, ha moderator for nettkommunikasjon og anna. Om det er økonomi til dette, har han ikkje teke stilling til.

Nokre av journalistane i Hordaland er opptekne av at nettavisa ikkje skal konkurrera med papiravisa.

– Trur du ikkje full digitalsatsing er nakkeskotet for heile avisdrifta, Nyre?

– Jau, seier han nølande og held fram:

– Men det er ikkje avisene sjølve som utfører nakkeskotet. Det kan henda papiravisene forsvinn, men at lokalavisene likevel overlever som ein viktig aktør for lokaldemokratiet.

Medieutvikling i dag, med store aktørar som Google, Facebook o.l., er livsfarleg for lokalmedia – om dei ikkje er sterke digitalt, seier Nyre.

LES OGSÅ: Trekkjer pressestøtteforslag 

Trur på papiravisa
Redaktør i Hordaland, Elin Madsen, seier Lars Nyre sitt arbeid er eit interessant tankeeksperiment.

– Og slike eksperiment kan setja i gang nyttige prosessar. Men utangspunktet for Nyre sitt arbeid, er at papiravisa ikkje eksisterer. Eg trur papiravisa har ei framtid. Men me skal sjølvsagt ikkje laga papiravis slik som me gjorde for ti år sidan. Hordaland vil satsa både digitalt og på papir også i tida framover. Men kravet til at papiravisa er velredigert og godt presentert, vert stadig sterkare, seier Elin Madsen.

Avisa skriv alt fleire saker direkte for nett, brukar kommentarfelt på nokre saker, nyttar sosiale media og har starta med video, om enn i beskjeden grad.

– Dette skal me utvikla vidare. Men me skal også utvikla papiravisa vidare, seier Madsen, som trur papiravisa vil overleva.

Artikkelforfattaren er ein av journalistane Lars Nyre intervjuva i samband med forskingsprosjektet.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland.