Kunstnarisk kunnskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sexy naturutstilling

Midt i utstillinga Sexus på Naturhistorisk museum kjem du til ei lukka dør med eit diskré skilt der det står Mating Room. Går du inn døra, ser du ein raud fløyelsbenk midt i det kvite rommet, og dørene rundt nærast oppfordrar til å bli lukka for eit meir personleg innblikk i dette med kjønn. Skulle du lata døra stå open, kan du sjå ein video av Gartnarfuglen som parar seg, der hoa bokstaveleg talt byr seg fram. Det gir deg jo anledning til å tenkja fritt rundt dette med kjønn.

– Det er vel den mest eksperimentelle delen av utstillinga, seier biologiprofessor Jan T. Lifjeld og ler godt. Sexus skil seg frå dei fleste andre museumsutstillingar ved å nytta kunstnariske grep for å vekka interessa. Med utgangspunkt i fuglar stilles spørsmålet om kvifor me har kjønn, og kunsten skal vekka fleire spørsmål på vegen.

Lifjeld er ein av forskarane som har jobba saman med arkitekten og scenografen Serge von Arx for å laga utstillinga for Naturhistorisk museum. Von Arx er og svært aktuell som scenograf for teaterframsyninga Demoner 2014, og har tidlegare sett opp liknande utstillingar i både Paris og Berlin, samt Teknisk museum her heime.

LES OGSÅ: Kan sauen redde varda?

Eit opent sinn
– Det er merkeleg at me ser på kunst og vitskap som to heilt ulike ting. Det er klart dei har utvikla seg i veldig ulike retningar, men i dag er det kanskje ein manglande gjensidig respekt. Leonardo da Vinci er jo eit klassisk eksempel på den motsette tenkemåten, seier von Arx.

– Eg trur vitskapshjerner og kunstnarhjerner er ganske like, om begge held eit opent sinn. Og det trur eg me hadde i arbeidet med utstillinga vår.

Ulike uttrykk
For von Arx handlar utstillinga om mykje meir enn å berre formidla fakta.

– Det viktigaste er at spørsmåla dukkar opp hjå dei besøkande, meir enn svara. Utstillinga skal gi deg noko igjen for at du er fysisk til stade framfor å lesa dei same opplysingane på nettet.

Sexus startar med å senda deg inn i eit rom med ein påfugl og ei sylta menneskehjerne. Dei to skal visa det mest attraktive med kvar rase, det som skaffar oss dei beste partnarane – den fargerike halen til påfuglen og intelligensen til menneskja. Så får du valet om å gå inn i sperm-rommet eller egg-rommet.

– Aftenposten meldte ulike museumsutstillingar i fjor, og då enda me opp med dårlege terningkast. Me håpar jo på å unngå det no, fortel Lifjeld.

Det var kanskje noko i kritikken Aftenposten kom med den gongen. Å gå på zoologisk museum er ikkje det ein vanlegvis ser på som ein fest. Men Sexus kan tyda på at støvete dinosaurbein definitivt høyrer fortidas utstillingar til.

LES OGSÅ: Manglar hosommarfuglar

Sæd på veggen
– Er det eit problem at mykje forsking blir presentert på ein litt… tørr måte?

– Jo. Det er jo det, svarar Lifjeld i museumsgangane etter å ha tenkt seg om.

– Men me er jo opptekne av å få fram det vitskapelege og er ofte redde for at det me har å seia, blir banalisert.

Det er overraskande engasjerande å gå i gangane på Zoologisk museum, der ulike sanseuttrykk hiver seg på deg frå alle kantar. I eit rom fortel Lifjeld ivrig om korleis spermen til bokfinken skil seg frå spermen til dompapen. Den varierande spermen blir illustrert med ulike ansiktsformer på ein vegg med uklare speglar. Samanhengen er litt vanskeleg å få grep på, men slik er då ein gong kunsten.

LES OGSÅ: Et insekt, redd planeten

Saka fortset under biletet.

Flørtar med publikum
Marianne Strøm er prosjekt- leiar for utstillinga, og kvardagen hennar går ut på å få utstillingane til Naturhistorisk museum til å virka nye og spanande. Ho starta i jobben for snart to år sidan, og dette er den første utstillinga ho har følgt heilt frå start til slutt.

– Me hadde ein heilt ny innfallsvinkel til dette. Me ville at det skulle skilja seg ut, og forstyrra litt for å vekka undring. Målet var å ikkje nødvendigvis gi alle svara med ein gong, fortel Strøm.

Målet er at kunnskapen som ligg i Naturhistorisk museum skal bli meir freistande for publikum. Men er dei vanlegvis så nøyaktige forskarane redde for at arbeidet skal bli for publikumsvennleg og trivialisert? Ein kan stilla seg spørsmålet når ein ser ein kommode fylt med hanar eller eit stort bilete av ei naken kvinne på Naturhistorisk museum.

– Me er klar over at det må vera ein balanse, så eg er ikkje redd for at me skal skli over. Dei fleste som kjem hit er unge, og dei skal engasjerast, svarar Strøm.

Tørre typar
– Mange utstillingar kan virka som dei er laga for forskarar, men eg håpar me har laga noko for folk flest her, held Strøm fram. Ho fortel at det av og til kan vera ei utfordring å få forskarane til å sjå behovet for å vera publikumsvennleg.

Det same opplever Nina Kristiansen. Ho er redaktør for Forskning.no og leiar for Norsk forening for forskningsjournalister. Ho har lagt merke til at ein del forskarar manglar litt formidlingsevne.

– Resultata er ofte gode, men kanskje forsvinn dei saftige forteljingane om korleis resultata dukka opp på vegen. Folk går glipp av mykje god forsking fordi det ikkje blir formidla godt nok. Men med det sagt er mange flinke, seier ho.

Inn i vitskapen
Sjølv er Lifjeld nøgd med resultatet av arbeidet. Og han har trua på at dette kan bidra til å fenga fleire. Skal han velja ein favorittdel av utstillinga, peiker han mot eit rom fylt med speglar og korte tekstar som lærer deg kva kjønn eigentleg er.

– Det får deg til å betrakta deg sjølv i samanheng med kunnskapen. Det er i alle fall meininga, seier Lifjeld medan han klør seg i skjegget og betraktar den store påfuglen som avsluttar utstillinga.

Saka var først publisert i Universitas.


Variasjon: At me ser ulike ut er ikkje ein sjølvfølge, og variasjonsrommet skal visa dette. Med speglane skal du sjå deg sjølv med kunsten.