Vil ha landsby for demente

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varaordførar Bjørg Tysdal Moe (KrF) har vore på offisielt besøk til pionerprosjektet Hogeway i Nederland, eit spesialoppbygd samfunn for dei som lir av demens og har behov for 24-timars tilsyn. Med seg hadde ho partifellar frå styra for levekår i Stavanger og Sandnes, skriv Rogalands Avis.

LES OGSÅ: Kan du eta deg til Alzheimer?

Ein veg ut
Rapportane viser at rundt 80 prosent av dei som bur på aldersheim lir av demens, og vi blir stadig eldre i Noreg. Då må vi tørre å tenkje stort og litt utover det vanlege. Hogeway er framtida som gir demente tryggleik og eit verdig tilvære i kvardagen, seier Tysdal Moe.

Hogeway er bygd opp som ein landsby med bueiningar, butikk, frisør og friområde, der bebuarar kan handle matvarer, gå til frisøren eller spasere ein tur utan at nokon treng uroe seg for at dei skal gå seg bort eller komme til skade. Heisar flyttar seg automatisk. Einaste veg ut av området er ein hovudport. Avdelingane blir ikkje låst før klokka 22.30.

Mozart eller baking
Bebuarar blir plassert på avdelingar som følgjer opp tidlegare interesser. Hogeway har Mozart-avdeling for musikkinteresserte, og avdelingar for trim, baking og handverk.

Prosjektet krev ikkje meir enn eit normalt tal pleiarar og legar samanlikna med ordinære sjukeheimar og kostar heller ikkje meir å byggje. (©NPK)