Kjem aldri til å kjøpa bensinbil igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil aldri kjøpa bensinbil igjen

– Du kjenner at det flyttar seg, seier Bjørlo og gliser.

Han har nettopp demonstrert den enorme akselerasjonen som er i bilen sin.

LES OGSÅ: El-bilsalet til himmels i Nordhordland

Bilen det er snakk om er ein Tesla model S P85.

Det er mykje bokstavar. Men bak det skjuler det seg ein spesiell sportsbil.

0–100 på 4,4 sekund

Bilen er ein elbil med 422 hestekrefter som går frå 0–100 på 4,4 sekund.

Ikkje nok med det, bilen til Bjørlo finst det berre 1500 stykk av i i heile verda, det er ein Signature-modell.

Bilen fekk han i august i fjor og var ein av dei aller fyrste som kom hit til Vestlandet. Sidan har det berre balla på seg, no er det registrert over 2000 Tesla på norske vegar, sju av dei er i Nordhordland.

Måtte venta i tre år

– Eg måtte venta i nesten tre år før eg fekk bilen, seier han.

Han innrømmer at ventetida var lang.

– Difor kjøpte vi oss ein Nissan Leaf i mellomtida, etter eit års venting, seier han.

LES OGSÅ: Elektrisk satsing på el-39

Han og sambuaren køyrer no kvar sin elektriske bil, Teslaen er vorte familiens bil nummer ein. Og ja, det er plass til passasjerar bak. Faktisk kan du få dei som sjusetarar.

– Eg har køyrd 10.000 kilometer med den sidan eg fekk den og brukt 2100 kW/h, seier han.

– Om det hadde kosta ei krone for ein kilowattime, hadde eg brukt 2100 kroner i straum til no. Men så dyr er jo ikkje straumen, peikar han på.

– Så om alle goda med elbilar forsvinn med kollektivfelt, ferjer og parkering vil ikkje straumprisen auka så mykje, legg han til.

– Eg kjøpte bilen min så tidleg at politikarane hadde ikkje freda elbilane. Så eg visste jo ikkje om politikarane kom til å legga til moms på dei eller ikkje, peikar han på.

Den siste tida har det vore fleire medieoppslag om ladeproblem med Tesla. Men dei har ikkje Bjørlo vore borti.

LES OGSÅ: Første El-bil til Lindås

Rekkjevidda byrjar å komma seg på elbilane. Teslaen har ei teoretisk rekkjevidd på 502 kilometer under perfekte forhold. Bjørlo har køyrd bilen til Oslo og alt som måtte til var 30 minutt med lading på Tesla sin hurtigladar på Gol. Det er 28 mil frå Knarvik.

Og stadig fleire nordhordlendingar gjer som Bjørlo og går over på elektriske bilar. Men framleis er delen elektriske bilar låg her i Nordhordland.

Sambuaren var skeptisk

I mars var det 55 elbilar i regionen vår, no viser tal frå nettsida til Grøn bil at det ved utgangen av januar var 132 elbilar i Nordhordland.

Naturleg nok er det Lindås og Meland som er dei store el-bilkommunane med høvesvis 67 og 46 elbilar.

Elleve av dei vart registrert i januar.

Til samanlikning vart det seld 1304 elektriske bilar i Noreg i same tid.

– Sambuaren min var skeptisk i byrjinga når me kjøpte Leaf og vurderte å behalda Golf-en som me hadde når me fekk Teslaen, fortel han.

Men det skjedde aldri. Og i desember 2013, etter at Teslaen kom i hus, oppgraderte dei og til ein nyare modell av Nissan Leaf.

LES OGSÅ: Ladar for framtidsbilen

Etter litt rekning kjem Bjørlo fram til at han har hatt i alle fall 16 bilar før Teslaen.

– Kjem du nokon gong til å gå tilbake til bensinbil?

– Nei, ikkje denne typen bil. det må berre vera om eg skal byta inn bubilen min, seier han.

Folk er nysgjerrige og snur seg etter bilen til Bjørlo. Den har og vekt merksemd i nabolaget i Ikenberget der han bur.

Lite ladestasjonar

– Etter at eg hadde hatt Teslaen i nokre dagar kom ei nabokone bort og lurte på ein del ting rundt bilen. Ho sa dei vurderte å kjøpa seg ein lik bil, fortel han.

– Burde fleire nordhordlendingar kjøpt seg elbil?

– Ja, men då må ein få på plass fleire ladestasjonar, seier han.

Og særleg Tesla-ladestasjonar er det dårleg med.

– Det som er så dumt med ladestasjonen i Knarvik er at den ikkje kan brukast på Tesla. Heller ikkje når den vert oppgradert, seier han.

Har du Tesla og kjem frå Stavangerkanten, må ein til Romarheim for å lada, når den opnar til sommaren.

Bjørlo bruker bilen sin kvar dag til jobb og ladar den to gonger i veka. I ein normal stikkontakt tek det over 20 timar å lada. Difor har han fått installert eit uttak heime på 400 volt og 11 kW. Då tek det sju timar å lada opp eit heilt tomt batteri.

– Er Tesla ein bil for kven som helst?

– Ja, det trur eg.

– Kan mor di køyra bilen?

– Ja, det er ein kva slags som helst bil. Det er berre til å setja seg inn å køyra, seier han.

VASKING MÅ TIL: Det er klart at ein må vaska ein slik bil. Ofte. Foto: Yngve Garen Svardal

Les saka i Nordhordland!