Inn i elden: Elden vert sterkare jo meir du les

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inn i elden handlar om livet til Dorothe og Elen i 1600-talets Finnmark. Det hundreåret blei over 80 trollkvinner dømde til døden i vårt nordlegaste fylke. I boka får me vete korleis dei to jentene opplever dette.

Dorothe er ei rikmannsdotter frå København som blir gifta bort og reiser til Vardø for å leve der saman med mannen sin. Elen lever i ein fattig familie i Finnmark, saman med mor si, som er ei veldig «klok kone», og vetlebror sin, Sanktominus.

I opninga får me treffa desse to ulike personane, og gjennom boka får lesaren oppleva korleis livet deira til slutt møtest.

Språket i boka er ekstremt bra, med mykje detaljer, men eg må innrømma nokre detaljar trengte eg ikkje å vete…

Denne boka må eg òg seia er original. Eg har ikkje lese nokon bøker som denne. Synet mitt på satan og hekser er annleis enn det var før eg las boka.

Det er ikkje mykje spenning i byrjinga. Når du byrjar å lese er det viktig å forstå at det er to personar boka handlar om, og at historia vekslar mellom dei. Dette forvirra meg i starten. Når du kjem midtvegs er du vand med det, spenninga stig og du blir oppslukt.

Avsluttinga var både uventa og forventa. Slutten var ein sånn slutt som eg blir litt sur på, for eg veit det er over og eg vil eigentleg ha meir enn det gav meg.

Forfattar og historikar Aina Basso har lukkast med boka, som er hennar tredje. Ho har brukt historia frå 1600-talet i Finnmark strålande til å skape eit uforgløymeleg eventyr!

Boka tilrår eg for personar over 13 år. Ho fungerer like bra for vaksne som ungdommar. Likar du historie frå gamle dagar så er denne boka perfekt!

Faktaboks

Tittel: Inn i elden
Forfattar:
Aina Basso
Forlag:
Samlaget
Utgitt:
2012
Sidetal:
222
Prisar:
Brage-prisen (2012), Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris (2013)