Tabutema på timeplanen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei aller fleste 6.klassingar har aldri høyrt om orda seksuelle overgrep og incest før.

– Her pakkar me ikkje noko inn. Det vert som regel litt flaut i starten når me skal vere så direkte i ordbruken vår, men det flaue går fort over og ungane er som regel veldig reflekterte i svara sine, seier Trude Lundekvam.

Saman med Siv Holme vitja ho nyleg Norane skule med skuleprosjektet til Senter mot seksuelle overgrep (Smiso).

LES OGSÅ:– Utdatert sex-undervising

Avdekka forhold

Smiso definerer det som eit førebyggjande prosjekt retta mot 6.klassingar i fylket som dei har fått i stand takka vere fylkeskommunal støtte.

– Det har vore utruleg spennande og me har fått mange positive tilbakemeldingar. No er det stor pågang frå skulane i fylket om å få denne undervisninga.

Dei seier det aldri er lett å måla resultat av førebyggjande arbeid, men dei har i løpet av den tida dei har drive prosjektet har avdekka born som har opplevd seksuelle overgrep.

– Me trur me har vore med og hindra seksuelle overgrep, og ikkje minst så vonar me at mange born no er betre rusta dersom dei skulle koma i ulike vanskelege situasjonar.

LES OGSÅ:Eit nei er eit nei

Alle med

Smiso såg at det var mangel på undervisning og informasjon på skulane om temaet seksuelle overgrep og incest.

– Me vil gjerne fjerna tabu knytt til temaet og då må visa at dette er noko me kan snakke om og diskutera. Sjølv om det også kan vera litt flaut og vanskeleg.

På Norane skule er 6. og 7.klasse saman i undervisningsopplegget og både lærarar, helsesøster, borna og dei to frå Smiso tek plass i ringen slik at alle kan sjå kvarandre.

Smiso såg det var mangel på undervisning og informasjon på skulane om temaet.

I samtale med elevane klarer Trude og Siv å forklara, skildra og gje døme på korleis born ikkje på nokon måte skal akseptera at dei vert lurte eller tvinga til å gjera seksuelle handlingar.

LES OGSÅ: Eit nei er eit nei, jenter

Nyttig hjelp

Fleire konkrete døme gjer inntrykk. Trude og Siv fortel om jenta som hadde blitt misbrukt av bestefaren sin, og om naboen som inviterte inn og ville sjå pornofilm og gjera det same med ungen etterpå. Slik får elevane brutal og sann kunnskap om dette vanskelege temaet.

Lærarane er ikkje i tvil om at det er viktig å få hjelp frå dei som sit på kompetansen.

– Eg tykkjer dei var flinke til å forklara på ein enkel måte kva som er greit og ikkje greit, og for oss som lærarar er det bra at denne informasjonen kjem frå nokon utanfor som samstundes vågar vera veldig direkte med ungane, seier Linda Føleide Skinlo, som får støtte frå kollega Jon Arve Pedersen.

Begge er heilt klare på at dette bør vera noko som alle skular bør få tilbod om, og eit prosjekt som må få ressursar til å halda fram.

LES SAKA I SOGN AVIS!