DNS fjernar «nynorsk-åtvaring»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNS fjernar nynorsk åtvaring

– Eg reknar med at det kjem tilsvarande åtvaringar mot framsyningar på riksmål, sa forfattar Tor Arve Røssland til Bergens Tidende, som meldte om saka i går.

Han hadde klikka seg inn på Billettservice sine sider for å bestille billettar til framsyninga av «Ronja Røvardotter». Under punktet for arrangementsinformasjon vert det tydeleg opplyst om at: «Forestillingen spilles på nynorsk».

Tilsvarande informasjon finnast ikkje om bokmålsstykka som er sett opp.

– Det verkar som om dei åtvarar om at stykket vert spelt på nynorsk som om nynorsk skulle vere noko skikkelig fælt og vondt, seier Røssland til avisa.

I kjølvatnet av Fosse
Nynorskkritikken mot teateret kjem ikkje lenge etter at dramatikar Jon Fosse gjekk ut og kritiserte institusjonsteatret for å setje opp for få nynorske framsyningar. Røssland meiner at i lys av denne kritikken er det ekstra uheldig at teatret poengterer kva som vert spelt på nynorsk.

– Det er vel for å unngå ein klagestorm i etterkant. Men dette lagar kunstige skille og er fordomsfullt av ein institusjon som skal drive med kunst, seier Røssland.

LES OGSÅ: Fosse kritiserer Den Nationale Scene

– I beste fall tankelaus og dum
Brit Bildøen, som har omsett stykket, reagerte òg på informasjonen på Billettservice sin nettstad. Ho er i utgongspunktet positiv til at Den Nationale Scene tek ansvar for å setje om ei av dei store, klassiske barneforteljingane.

– Men ein kan lure på kva som får nokon til å tenkje at presentasjonen av stykket skal komme med denne tag'en om at stykket vert spelt på nynorsk – dette må jo nærast oppfattast som ei åtvaring, seier Bildøen til BT.

Ho fortel at ho vart kraftig irritert då ho oppdaga «åtvaringa»

– Eg opplever dette stadig vekk – eg høyrer om folk som skal kjøpe ei av bøkene mine i bokhandelen og diskret blir spurt om dei er klar over at boka er på nynorsk. Eg burde for lengst ha slutta å irritere meg over slikt, men det er ganske sårande. Ei slik åtvaring er i beste fall tankelaus og dum. Det seier noko om kor djupt denne irrasjonelle motviljen mot nynorsk er rotfesta både i aust og i vest, meiner Bildøen.

LES OGSÅ: Vaffelhjarte går til scena

Haldt lovnaden
Teatersjef Agnete Haaland forklarar til Bergens Tidende at ho ikkje visste om «nynorsk-åtvaringa» før dei gjorde ho merksam på det.

Det skal vere ein glipp som har ført til at intern informasjon vart lagt ut på Billettservice sine sider.

– Eg skal få det fjerna med ein gong, forsikrar teatersjefen, som held ord. Onsdag føremiddag vert det ikkje lenger informert om kva målform «Ronja Røvardotter» vert spelt på.