Førpremiere frå spreke dansarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag er det førpremiere i Saften på framsyninga dei skal visa på åtte barneheimar.

Jobba lenge

Solidaritetsprosjektet er ein del av organisasjonen Dans utan grenser. Kommunane Leikanger og Askvoll samarbeider denne gong. Der danseinstruktørar frå danseverkstadene i kommunane, har danna dansegruppa «Request».

– Me har øva og planlagt i vel eit år no. Så me gler oss utruleg mykje til endeleg og få moglegheit til å syna fram førestillinga. Me er seks stykker frå Leikanger og fem frå Askvoll, som er med i prosjektet. Søndag skal me ha premiere i Saften på showet me skal halde i Latvia. Så dette er skikkeleg spennande, seier to av instruktørane, Halvard Fossheim og Hanna Vangsnes.

Sterke inntrykk

For at publikum skal få ei betre forståing over kva dette er, vil ein før sjølve danseframsyninga syne ein film, som er blitt laga av tidlegare dansegrupper som har vore i Latvia på turné. Og det er mykje inntrykk og set ting i perspektiv seier dei to.

– Grupper som har vore på turné i Latvia før, kan fortelja om sterke inntrykk. Ein kjem nært innpå born som bur på barneheimane. Ein får høyre dei sterke historiene deira. Når ein ser filmen, eller reiser bort sjølv. Ser ein sjølv kor godt me har det her i landet. Me kjem til og reise rundt i ti dagar, og me skal halda åtte framsyningar, seier Hanna.

Forrykande show

Søndag blir fleirbrukshallen i Saften omgjort til ein dansearena. Med eit fullskala lyd og lys show.

– Me har prøvedansa for nokre av elevane våre.Tilbakemeldingane frå dei er svært gode. Me lovar eit forrykande danseshow. Der me syner mange kategoriar dans, som hip hop, show, breakdance og afrikansk jungelinspirert dans. Det blir ei kul danseframsyning i flotte kostyme. Showet blir delt inn i to akter, med ei innlagt pause. Det er lov og seia at dette blir fantastisk bra, smiler Hanna.

Oppmodar

Dei unge danseinstruktørane brukar mykje av eiga fritid på prosjektet som er sjølvfinansiert. Inntekta dei får inn, går uavkorta til turneen.

– Me dreg bort til Latvia for og gje borna ein annleis kvardag. Spreie dansegleda. Alle born likar og hoppe å sprette rundt etter musikk. Og me håpar et me kan med vårt bidrag gje inspirasjon til leik og moro. I Latvia vil me etter framsyningane ha eigne workshop for borna, seier dei to.

LES SAKA I SOGN AVIS!

REQUEST: Dansegruppa som er samansett av danseinstruktørar frå Leikanger og Askvoll lovar eit kjempeshow i Saften på søndag. Foto: Privat