Skrekkeleg film mot skulking

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil dei bli kvitt skulking

Myndigheitene i Australia har tydd til ekstreme filmatiske verkemiddel mot skulking.  

På berre to dagar har filmen til haldningskampanjen «Set Yourself Free» fått over 4 millionar visningar på Youtube.

LES OGSÅ: Kritisert for sexy surfevideo

Reklame-motpol
Det er organisasjonen «Learn for Life» som har fått med seg dei kjente australske filmskaparane Henry Inglis og Aaron McCann til å lage ein film til skrekk og advarsel. Målet er å få slutt på skulking, skriv Dagbladet.no.

Med statleg finansiereing har dei laga ein film der det går grueleg galt med ungdommane som vel stranda framfor skulebenken. Filmen startar som ein vakker livsstilsreklame, men ender med nokre dramatiske scener. Det er sterke bilete, som gjer at reklamefilmen truleg aldri vil finne vegen til tv-skjermen.

– Videoen skal vere ein motpol til standard reklamefilmar. Det er litt som å vise fingeren til reklamebransjen generelt, seier Inglis til den australske nettstaden News.com.

QUIZ: Kva veit du om skrekkfilmar?

Filmen speler på idealiseringa i reklameverda og bryt dramatisk med heile biletet i slutten. Dette ser ut til å vere eit effektfullt verkemiddel som har generert både Youtube-visningar og medieoverskrifter verda over.

– Det ser ut som folk likar videoen. Den har kva i helvete-faktoren, seier filmskaparen.

Sjå filmen i vindauga under (OBS: Sterke scener):