Fjord-cowboyar frå Hardanger
I slutten av februar kjem ein ny dokumentarserie om to machomenn frå Hardanger som lever livet etter sine eigne spelereglar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den western-inspirerte serien «Fjorden Cowboys» startar på TV 2 Zebra etter OL, men med førpremiere 5. februar. Ifølgje regissør Hildegunn Wærness er dokumentarserien ei feiring av to machomenn frå Sørfjorden, skriv film- og tv-magasinet Rushprint.
Joar og Lothepus er to hardtarbeidande entreprenørar med sprengingssertifikat og eit bekymringsfritt syn på livet. Serien følgjer duoen på jobb og i kvardagen, og viser at dei lever det glade liv godt utanfor norma.
– Sørfjorden i Hardanger, der cowboyane i serien bur og har sitt virke, byr på ei eklektisk blanding av bondekultur og industrisamfunn. Ei herleg side av Noreg, seier produsent Lars Løge i Flimmer Film til Rushprint. (©NPK)
Fjorden Cowboys – Teaser #2 from FlimmerFilm on Vimeo.