eg likar klientellet

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

dei treng ikkje å vera unge. på den nye medlemskaféen til royal academy of arts, til dømes, set eg meg alltid attmed dei gamle kunstdamene, for der er det aldri keisamt. og det manglar aldri slike, for dei har vore på utstilling, og alltid har det fått dei til å tenkja på noko, noko dei hugsar frå ungdomen eller har sett i løpet av sine lange liv i kunsten, som dei no skal prate om over kvar sin tekopp, som dei insisterer på skal vera vanleg, engelsk builder's tea, sjølv om dei her kunne velja mellom allslags darjeeling, chai og olong. og så, når det lausnar i min eigen penn, lèt eg dei mjuke, gamle røystene gli over i bakgrunnen, så dei berre summar roleg i bakgrunnen, som goldbergvariasjonane eller cellosonatane til bach.

eller på monmouth, der er det moro, for dit kjem amerikanarane, og dei pratar høgt. og ofte er det lødige soger som blir fortalde, det er gjerne studentar, og ingen sladrar verre enn dei, så ofte blir eg sitjande med hovudet djupt bøygd over notatboki mi, i eit halvhjarta forsøk på å skjule smilet mitt over eitkvart dei sa der borte. og jamvel hender det at dei tittar bort og ser at eg ler, men det er jo så greitt med amerikanarane, at dei smiler berre til deg og held fram, vetande om den ekstra tilhøyraren. og om dei er vanskelegare å stengje ute frå medvitet, har dei desto meir å gje når det kjem til nye figurar og historier.

i andre enden har du dei typiske frilanskaféane, dei som har den rette blandingi av avslappa stemning, ljose lokale, gratis internett, ledige veggstøpsel og passeleg med london cool til at me likesinna heimearbeidarar kjem dragande med macane og skrivebøkene våre og set oss til med vårt på kvart vårt bord, helst ved glaset, oftast utan å prate med nokon før me fer derifrå timesvis seinare, med éin for mange espressoar innabords, kjøpt i dårleg samvit for dei stakkars tilsette, som kjem trakkande til og ifrå for å høyre om me anten skal kjøpe noko eller å sjå til å gjera bordi ledige for andre. "kva er det billigaste på menyen", tenkjer frilansaren da, og kjøper ein espresso til, sjølv om han veit at det hadde vore betre for han med litt mat, eller ein slik jus, i det minste, så han fekk kaloriar frå andre stader enn brunsukkeret han rituelt blandar i kaffien for å halde seg gåande.

jau, eg kjenner dei, og dei kjenner meg, og gud veit servitørane kjenner oss alle og veit kva me er, og det er difor dei lèt oss halde på, for dei veit at om me ikkje er dei som kjøper mest, så er det me som kjem uansett, som sit der åleine heile onsdagsføremiddagane når ordentlege folk er på jobbane sine og tener pengar. me pratast ikkje ofte, tittar sjeldan opp, men på eit merkeleg vis set me pris på kvarandre lell, for me forstår kvarandre, veit kva som trengst for at alle skal vera fornøgde. blir ikkje sure når me må reise oss for at nokon andre må dra ut mac-ladaren sin frå under rumpene våre, for me har vore på andre sida av den situasjonen mange nok gonger, me veit at ein berre ladar når ein treng det.

studentkaféane er ein eigen type, iallfall på ein slik studiestad som new cross, under den store, fargerike skuggen frå goldsmiths, der stilla frå frilanskaféane er erstatta av intense samtalar over borda, ofte om fag, men oftare om kringliggjande emne, som eg flåsete kallar alt det som den lange dagen oppe i ben pimlott building eller rhb har fått ein til å tenkje på, men som ikkje var relevant nok til å buse ut med under førelesingane. så dette har ein gått og spara på heile dagen, til aftanen no er her og ein endeleg kan bryte denne tanken mot sin studiekollega, som alltid vil ta deg på alvor og lytte godt; ikkje fordi ho naudsynleg er så interessert, men fordi ho sjølv elskar så høgt det same privilegiet, at nokon er der til å ta imot dei dagane det er ho som sit med ein tanke så dengjande god at han knitrar og brenn i ho heile dagen, til kvelds.

kva så for meg, som sit på utsida og tittar inn?

jau, treng eg ro ein dag, og miljø til å utvikle ein idé, kan eg gå på royal academy og duve mellom tonane frå dei gamle si mimring og min eigen tanke, som får arbeide fredeleg der, med eller utan hjelp (eller distraksjon) frå medvitet.

er eg tom og treng impulsar, kan setja meg på monmouth og la historiene og personane skyle over meg til eg er utyrst.

treng eg berre å koma meg ut av huset og få noko gjort, set eg meg på ein av frilanskaféane, for der vil dei ikkje drøyme om å forstyrre meg, berre med tilbod om meir kaffi, som eg gladeleg tek imot i leige for stolen og bordet og stilla til å vera i fred med boki og hovudet.

og treng eg motivasjon eller ein ekstra kveik, tek eg med meg eit blad eller ei bok og set meg på nærkaféen min på new cross. der minner dei eldhuga studentane meg om den raudglødande, egoistiske krafti som ligg i tankeverdi, som eg alltid må hugse for å lyfte kvardagen opp frå det platoniske, opp frå oppvasken og husleiga og forskotsskatten og nyheitene. minner meg om at ånd må vinna på troll til sist, som ein åndsmann ein gong sa.

sjølvsagt har det noko å seia kven dei er. det har alt å seia. eg meiner, kvifor skulle eg elles gå ut? kaffi har eg no heime.


Først publisert på Magasinett.