Isbjørn i bjørneparken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha isbjørn i fjellhall

Parken vil bli eineståande i sitt slag.

– Eit slikt anlegg vil lyfte bjørneparken inn i ei ny tid, seier styreleiar i Vassfaret Bjørnepark Eiendom AS, Håvard Staff Brenno.

Planen er å setje i gang arbeidet med forprosjektet 1. februar. Går alt i boks med finansieringa kan anlegget opnast i 2016.

LES OGSÅ: – Freistar ikkje turistar

Opplevingssenter
Det er stiftinga Vassfaret Bjørnepark som planlegg denne parken inne i bjørneparken i Flå.

Visjonen er å skape eit opplevingssenter for klima og fornybar energi med høg attraksjonskraft både nasjonalt og internasjonalt. Målet er også at dette energi- og klimasenteret kan bli eit regionalt vitensenter. Det er åtte vitensentra i Norge i dag. Dei har til felles at dei er populærvitskaplege opplevings- og læringssentra innan matematikk, naturvitskap og teknologi.

– Eit luftslott?

– Nei. Til det er ideen for god. Dette blir ingen kunstig attraksjon, men ei naturleg forlenging av det som er alt er bygd opp i Flå, seier Brenno.

LES OGSÅ: Dyr truga i Arktis

Fjellhall
Dette er planen:

• Å bygge eit energi- og klimasenter og ein klimapark med aktivitetar.

• Det er to alternativ: Å bygge senteret inn i ein fjellhall som er knytt til eit isbjørnanlegg på 1500 kvm, eller bygge ein eigen fjellhall til isbjørnen på 500 kvm og eit vitensenter på 1000 kvm.

– Samlokaliseringa med Jakt- og fiskesenteret, Rovdyrsenteret og Vassfaret Bjørnepark gjer at ein vil kunne formidle ein heilskapleg kunnskap om energi, klima og miljø samt natur og dyr i eit anlegg som det ikkje finst maken til i Norge, seier Brenno.

Saka fortset under biletet.

 
Isbjørn neste: Det er lansert mange idear i Flå dei seinare åra – og dei har vorte realisert, seier styreleiar i bjørneparken, Håvard Staff Brenno. 

Symboldyret
I informasjonen om klimautfordringane blir isbjørnen symboldyret – og ganske sikkert også det store trekkplastret.

Planen er å lage ei hegn for isbjørn ved tjernet eit steinkast frå amfiscena med gangbru over tjernet slik at publikum kan sjå svømmande isbjørn. Inntil tjernet er det fjell, og det er her tanken er å sprenge ein fjellhall som konstant vil halde fire grader, som er gunstig for isbjørn. Det blir også planlagt installasjonar inne i hallen som gjer at publikum kan sjå isbjørnen svømme under vatn. Brenno ser også for seg innretningar som gir eit arktisk preg.

– Området som kan brukast til isbjørnhegn er på 30 da, som er 20 gonger minstekravet, og der det er mogleg å lage skjerma område for drektige binner, seier han.

Trekkplasteret
Brenno seier at eit slikt energi- og miljøsenter vil bety mykje for bjørneparken.

Parken går med millionunderskot trass i 70.000 besøkjande i fjor. Når Rovdyrsenteret står ferdig til våren, forventar Brenno ein auke til 100.000 besøkjande i året. Med isbjørn som det store trekkplasteret i eit energi- og klimasenter meiner han at 200.000-300.000 besøkjande i året vil vere realistisk fordi anlegget vil vere ope året rundt. Isbjørnen vil vere ein stor attraksjon også vinterstid fordi det berre er binnene som går i hi.

Eit fyrtårn
– Anlegget vil utan tvil gi Hallingdal som reiselivsregion eit lyft ut over dei skianlegga regionen har. Som ein arena for oppleving blir dette eit fyrtårn, seier Brenno.


– Prislappen?

– Førebels er det rekna til omkring 50 millionar kroner.

– Er dette eit Olav Thon-prosjekt?

– Nei. For å få finansiert anlegget må me tenke nasjonalt. Fleire store nasjonale selskap vil bli kontakta, seier Håvard Staff Brenno.

Sikrar parken
– Me må sikre Vassfaret Bjørnepark i framtida, sikre arbeidsplassar og utvikle regionen. Det er driftsmessig krevjande å drive parken. Derfor må me finne prosjekt som kan utvikle den ytterlegare. Energi- og klimaparken er ein konkret ide for å lyfta parken inn i ei ny tid, seier Staff Brenno.

Saka var først publisert i Hallingdølen.

 

Spektakulært: Isbjørnanlegg med arktisk preg i Flå. Kanskje blir dette resultatet?

 


Planane: Ei kartskisse over det aktuelle isbjørnområdet med energi- og klimasenter.