Indonesia kritiserer Oscar-kandidat

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritiserer Oscar-kandidat

Førre veke kom indonesiske myndigheiter med si første offisielle uttaling om den delvis norskproduserte Oscar-favoritten The Act of Killing, melder det danske filmtidsskriftet Ekko.

LES OGSÅ: Ein mordar fortel og forstår

Regissøren etterlyser meir
Til den engelskspråklege avisa Jakata Globe uttrykte presidentens talsmann frå utanriksdepartementet misnøye med den kritikarroste dokumentarfilmen.

– Indonesia portretterast som ein vond og lovlaus nasjon og filmen gjer eit bilete av notida, som om det var 1960-talet. Det er verken hensiktsmessig eller passande, seier Teuku Faizasyah til Jakata Globe.

Regissør Joshua Oppenheimer skriv på sin Twitter-profil at Indonesia endeleg reagerer på The Act of Killing, men tykkjer ikkje utsegna er tilstrekkelege.

Kinesisk sinne
Filmen har fått stor merksemd over heile verda, men reaksjonane i Kina er spesielt sterke. Filmen handlar om dei indonesiske myndigheitene sin massakre av kommunistar i 1965.

Rundt ein million kommunistar, mellom dei tusenvis av kinesarar måtte bøte med livet.

Dette har ikkje vore ein del av dei kinesiske historiebøkene. Mange kinesarar har difor krevd ei forklaring frå eigne myndigheiter om kvifor dette har vorte feia under teppet.

Kinesarar oppmodar òg regjeringa til å halde ei hardarde linje mot Indonesia. Massakren på 60-talet vert forbundet med eit opprør i 1998 retta mot kinesarar i Indonesia. Opp mot tusen menneske omkom under desse opprøra.

Men trass i folks sinne på sosiale medier, har ikkje Kina kommentert filmen.

Offisielle filmar
I Indonesia ligg the Act of Killing ute for gratis nedlasting på nettet.

Den indonesiske menneskerettsorganisasjonen National Commission on Human Rights har samla inn vitnesbyrd frå overlevande torturoffer og konkludert med at det føregjekk alvorlege brot på menneskerettskonvensjonane i Indonesia i 1965.

Ifølgje Jakarta Globe vart denne rapporten oversett av myndigheitene, som har synt eigne framstillingar av hendingane på skular og fjernsyn.

– Filmens kjelder er avgrensa til ganske få personar. Er det verkeleg nok til at fortolke så viktige historiske hendingar? spør talsmann Faizasyah i Jakata Globe.

Historiens slør
Ifølgje den indonesiske historikaren Asep Kambali kan ein ikkje forvente at myndigheitene anerkjenner fortidas massedrap.

Dette fordi kjeldene er begrensa og at ingen i den akademiske verda har adgang til arkiva med dei offisielle dokumenta frå 1960-talet.

Han trur at om sanninga kjem ut kan det få forferdelege konsekvensar.

– Det kan vere det same som revolusjon. Historien er ærleg, men kan vere smertefull. Uansett må sanninga ut, seier Kambali til Jakata Globe.