Herleg bygdeskildring frå nord

Framtida
Publisert
Oppdatert 19.12.2020 16:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Herleg nordnorsk bygdeskildring

Møt Odd Friedland – healer, heimebrennar og krekebærsaft-produsent. Skalkesjulet hans er ein jobb som iskremseljar, men dei fleste veit at isbilen han køyrer rundt i rommar både heimbrent og andre ting – for eksempel koparplater som skal beskytte mot jordstråling.

I boka møter vi også Friedlands late og relativt udugelege son Kristoffer, hans småkriminelle kompis Frode, den korrupte lensmannen Øksnes og familien Friedlands mannevonde hund, Laika. Med andre ord har Jens K. Styves univers mange av stereotypane ein kan forvente å finne på bygda.

 LES OGSÅ: – Det vanlege er eksotisk

Illustrerer med ord
Jens Kjartan Styve (fødd 11. juli 1972) fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si, Eg, Ove Kvamme.Friedland er hans andre bok. Styve har jobba som illustratør og grafisk formgivar i ei årrekke og illustrert både magasin og bøker. Med forfattarskapen viser han at han også har talent når det kjem til å illustrere med ord. Til dømes innleiar han Friedland slik:

«Og den dagen våkna han og innsåg at han var daud. (…) Tida er komen, tenkte han, jorda er i ferd med å kalla meg tilbake, no skal Odd Friedland brytast ned. (…) Til slutt skulle skrotten hans forvitra i møtet med den glødande kjernen, smelta bort som ein drops.»

Fjernhealing, energibalansering og jordstråling
Tilbake til kjernen, og Friedland si kjerneverksemd, healing og slikt. Det viser seg nemleg at han ikkje alltid er like overtydd om at det han har som levebrød fungerer. For fleire av kundane hans fungerer koparplatene som skal beskytte mot jordstråling og gi betre søvn tilsynelatande godt. For Odd sjølv, viser dei seg å ikkje vere nokon suksess. «Då klokka var halv seks [om morgonen], gjekk han under senga og drog fram koparplata frå si side. Han sette den på skrå langs veggen, og sovna like etter.»

Friedland innrømmer også overfor lesaren at han stundom tviler på sine eigne evner: «Det kunne sjølvsagt skje at Odd kom i tvil sjølv enkelte gonger, særleg om pasienten var skeptisk eller direkte motvillig. Med ein pasient som hadde trua, kunne det gå nesten helt av seg sjølv. Healing var ikkje noko ein kunne gjere for ein pasient, brukte Odd å seia, det var alltid eit samarbeid.» Men å innrømme det overfor nokon andre, kan få fatale følgjer. For eksempel får han ein alliert i lensmann Øksnes på grunn av si evne til å fjerne samiske forbanningar. Lensmannen gjengjeld tenesta med å åtvare Friedland om at ein kollega i politiet er etter han.

Sluttar litt for brått
Friedland er ikkje ei bok du legg ifrå deg lenge av gongen. Den innhaldsrike kvardagen til karakterane, der dei sjonglerer småkriminalitet med sal av is, kjærleiksforhold og teoriprøva for bil, er så spanande at dei litt over 200 sidene er lest i ein fei. Det skal likevel litt til for å overleve både fiendar, svindel og utruskap, og boka endar som den må, i eit altoppslukande klimaks.

Eg sit likevel att med ei kjensle av at nokre av hendingane i boka ikkje blir skildra fullstendig. Kvifor har Friedland eit sidesprang, som for meg verkar å kome heilt ut av det blå? Kvifor er hunden Laika så mannevond? Og korleis går det med langaren Tommy, etter at Laika tilsynelatande har skadd han for livet? Kanskje kunne Styve kosta på seg nokre sider til – eller kanskje er tanken å skrive ein oppfølgjar? Det er lov å håpe.

Fakta

Friedland

Jens K. Styve
Samlaget 
208 s.
Terningkast: 5