Nominert til prestisjepris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No får resten av verda augo opp for den utrulege historia om Alexandra og Mia. Dokumentaren om tvillingsystrene er nominert til prisen for beste nordiske dokumentar under den internasjonale filmfestivalen i Göteborg i månadsskiftet januar-februar.

Stor ære
Det er 37. året at festivalen vert arrangert, men berre andre året at det vert delt ut ein ‹‹Dragon Award›› til beste nordiske dokumentar. Mona Friis Bertheussen, som også eig og driv filmselskapet Moment, står bak filmen. Ho seier det er ei stor ære å vera nominert.

– Historia om Alexandra og Mia er helt spesiell. Den gjer inntrykk på alle som høyrer om den. Eg trur dei fleste også opplever at filmen har fleire lag, og at den handler om så mykje. Blant anna om det å veksa opp i to ganske ulike kulturar. Eg trur mange synest det er interessant å få innblikk i dei kontrastfylte liva til tvillingsystrene.

Mange invitasjonar
Ho seier vidare at festivalar frå heile verda står i kø for å visa filmen, og at det stadig renn inn med invitasjonar.

No er altså neste stopp festivalen i Göteborg som er den største filmfestivalen i Skandinavia.

– Eg gler meg. Alle førestillingene til ‹‹Tvillingsøstrene›› blei utselde på eit blunk. Bare ein time etter at dei starta billettsalet i Göteborg, så var det nesten ingen billettar igjen. No er alle selde, og det skal bli gøy å møta stappfulle salar.

Gjev pris
I november vann «Tvillingsøstrene» publikumsprisen under den internasjonale dokumentarfilmfestivalen i Amsterdam (IDFA), som vert rekna som ein av verdas aller største med over 200.000 besøkjande. Bransjen ser på IDFA som dokumentarfilmens svar på Cannes. Her vert 5000 filmar årleg nominert til å vera med i konkurransen, men berre 300 vert valde ut til å visast. Publikumsprisen er rekna som ein av dei absolutt gjævaste prisane å bli tildelt.

Enorm respons
Sogn Avis fortalde den heilt spesielle historia om tvillingsystrene i 2008. Sidan følgde filmskapar Mona Friis Bertheussen dei to på kvar sin kant av verda gjennom lengre tid. Resultatet vart vist på TV2 i fjor haust med enorm respons.

– Eg var til stades på visningane av filmen på festivalen i Amsterdam. Folk blei riven med i filmen, det var både latter og gråt. Og når dei flottaste bileta frå Fresvik rulla over lerret, gjekk det eit gisp gjennom heile salen. Filmen har også blitt ein utruleg Norges-reklame, seier Friis Bertheussen.

Les saka i Sogn Avis!