Hjelp!

Sunniva Kråbøl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ynskjer meg vekk

Les pensum, skriv vekesmeny og handlar ein gong i veka, vaskar dassen kvar fredag, tek tran, festar ikkje, drikk ikkje, ringjer mor mi, skriv brev til bestemor mi og held meg i form.

Kvifor har eg då ikkje oversikt over Horats sin teori om kunst? Føregåande setning er ei kv-setning, forresten, og eg sit og lagar eit syntaktisk analysetre av ho no. Det har vorte ein del av meg. Det veks ei nomefrase ut av ræva mi. Eg, som lektorstudent i nordisk, må då vel for svarte faen vite korleis ein analyserar ein relativsetning med korrelat? Eg har aldri høyrd relativsetningar på vidaregåande. Eg har heller aldri høyrd om nokon som har høyrd om det på vidaregåande. Eller elles i livet. Livet er forresten no.

Når eg endeleg legg meg for å sove, drøymer eg om at sambuaren min står på golvet og gret som ein unge og seier ho er redd for mugg, noko me har oppdaga at me har i den elles så trivelege kjellaren vår her i Trondheim.

Det er ikkje meg sjølv eg tykkjer synd i. Eg sit ikkje her og klagar over tilveret som student. Det seier seg sjølv at det er mykje å lese når ein byrjar på universitetet. Lite pengar har eg rett nok, men eg sit med meir enn størsteparten av verda si befolkning har, uansett. "Nei, det går berre bra med meg, trur eg," seier eg i telefonen.

"Men det er jaggu meg verre med alle dykk andre!" tenkjer eg.

De ser det ikkje. Vaksne, modne folk trakkar rundt seg sjølve. Slit seg gjennom ei utdanning dei ikkje vil ha, så dei kan få ein jobb med høg status slik at foreldra vert nøgde og dei kan tene pengar dei ikkje treng slik at dei kan kjøpe nyare og dyrare ting berre for å eige dei slik at Turid og Bengt kan verte imponerte neste gong dei kjem på besøk, sjølv om dei eigentleg ikkje ville kome, dei sa berre ja for å vere høflege, i realiteten ville Turid sitje inne og lese og slappe av medan Bengt ville stelle potteplanta si, men folk skal jo vere meir effektive enn kva døgeret tillet og det viktigaste er strengt tatt å vere sosial sjølv etter ein arbeidsdag på tolv timar. Turid og Bengt veit kva dei vil. Likevel vert Turid ekstatisk når ho får sjå dei nye støvlettane og Bengt vert imponert over dei påståtte kvalitetane til det sjuande paret med klassisklangrennski og det nye HD4DSmartBlueRay-fjernsynet som kan sveve i lause lufta og dermed ikkje treng veggoppheng.

Kanskje det er hjelp du tykkjer eg treng. Hjelp meg gjerne. Fortel meg kva eg skal verte i denne verda. Nordisklektor er utelukka.

Eg meiner me er nøydde til å jobbe mindre, tjene mindre, arbeide meir på dugnad og me må kjøpe færre ting. Det er på tide å spørje seg sjølv om kva ein føler ein treng. Kan denne gjenstanden, eit objekt, auke livskvaliteten? Kødanning, generell overbefolkning og forsøpling er det einaste eg ser i den urbane, moderne byen.
Eg ynskjer meg vekk. Til ein stad kor dyrehald er tillete og bikkja mi kan springe laust. Eg vil forsyne meg sjølv. Dyrke så mykje som mogleg av maten eg treng på eiga hand. Gulrøter, poteter, urter, salat, epler, korn, egg og mjølk.

Eg vil lære meg å fiske. Tålmod har eg allereie. Eg vil vere meir ute enn inne. Utanfor døra ynskjer eg meg natur. Fjell og frisk luft. Eg vil ikkje vakne og vere så stiv i ryggen, nakken og skuldrene at eg har vondt i hovudet. Eg vil at kroppen min skal vere til nytte når eg skal utføre praktiske oppgåver, eg vil at han skal vere ein reiskap og at eg om kvelden kan tenkje at skrotten ikkje har sete på ein stol 2/3 av dagen. Eg vil lære meg å karde ull og naturfarge garnet. Strikke mine eigne sokkar og stoppe dei når dei vert utslitne. Eg vil lære meg årstidene utanåt. Forstå vêret og kva det har å seie for livet til menneska og dyra. Eg vil jobbe hardt men vite at eg likevel kjem til å ha overskudd til å gå ein fjelltur etterpå. Vere naturleg sliten, ikkje utmatta, bleik, kald og trøytt. Eg vil ha fri frå det apparatorienterte og tekniske. Eg vil bruke ski og føter som framkomstmiddel. Eg vil ete nybakt brød til frukost, trakte meg kaffi og sitje ved kjøkenglaset og sjå ut på alt eg har som må gjerast før snøen kjem.

Eg er ein idiot. Nasjonalromantisk, djupøkologisk, naturvernande rosemålar og intetanande, innsiktslaus hobbybondespire, kan du kalle meg.
Javel, ok. Sjølv kan eg ikkje plassere meg i nokon bås; eg veit ikkje kva eg skal gjere med livet mitt. Eg veit berre kva eg vil.


Brevet vart først publisert på Harvest.