– Viktig å mislykkast med nyttårsforsetta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viktig å mislykkast

Forsking viser at berre 10 prosent av befolkninga held nyttårsforsetta sine.

Sosialpsykolog Arnulf Kolstad ved Høgskolen i Nesna meiner det er viktig med urealistiske mål for det nye året. Å mislykkast er viktig for å lære seg om realitetane i livet.

– Eg synest vi skal streve etter det perfekte. Det er ikkje skadeleg å ikkje nå alle måla sine. Sånn er det i livet, vi kan møte litt motgang, og må lære oss å takle det, seier han til NRK.

Kolstad håpar flest mogleg har sett seg nokre mål for det nye året.

– Det er viktig å nytte høvet til å endre kursen litt, gjere det ein har lyst til å gjere, og droppe det ein ikkje har lyst til. (©NPK)

LES OGSÅ: Trening er ikkje forgjeves i jula