Regjeringa vil opne for fleire privatskular, men eit fleirtal av befolkninga seier nei til planane.

NPK-NTB
NPK-NTB

53 prosent av dei spurde svarer at dei er imot å tillate fleire private skular, 36 prosent er for, mens 11 prosent svarte «veit ikkje». Det viser ei undersøking Sentio research har gjennomført på oppdrag frå Klassekampen.

LES OGSÅ: Vil tette smotthol for privatskular 

Lovendring
Høgre og Frp har varsla at dei ønskjer å få på plass ei endring av loven som regulerer private skular i 2015. Med loven i dag blir det stilt spesielle krav til eit religiøst eller pedagogisk alternativ, for at private aktørar skal få drive skule med offentleg støtte. Denne ordninga vil regjeringa fjerne, slik at alle private som driv skule innanfor bestemte kvalitetsmål får rett til drift.

LES OGSÅ: Vil ha ny debatt om privatskulane

Positiv til tala
Statssekretær Birgitte Jordahl (H) i Kunnskapsdepartementet meiner tala frå målinga er oppløftande.

– Eg synest det er positivt at så mange ønskjer seg eit alternativ til ordninga i dag. Det er ikkje eit så klart fleirtal som er motstandarar, berre litt over halvparten av dei spurde i ei undersøking på 1.000 respondentar, seier Jordahl.

Ho seier ein ny privatskulelov kan ta litt tid å få på plass.

– Vi har tru på at loven blir klar i 2015, og at det vil bli mogleg å starte nye skular frå hausten 2016, seier Jordahl. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE