…og med øving kan du bli betre.

mm

Mange er ukomfortable med å småprate om laust og fast, men ifølgje Science Daily er small-talk langt frå noko lite og trivielt.

Småprat gjer oss snillare
– Small-talk hjelper oss å lage relasjonar med folk, og når ein skapar relasjonar vert det mykje vanskelegare å behandle andre usivilisert. Dersom du tenkjer på å vere snill og snakke med folk, så opnar du døra for dei, du slepp dei framføre deg i køa, og du er mindre uhøfleg, seier professor i psykologi ved Shyness Research Institute ved Universitetet i Indiana Southeast, Bernardo J. Carducci til Science Daily.

LES OGSÅ: Desse er mest nøgd med eigen kropp

Og når du er snill med andre, så vert dei snillare mot andre dei møter, ifølgje Carducci. Han meiner at småprat er særleg viktig i ein digital kvardag, der vi kan forsvinne inn i våre individuelle pålogga bobler.

– Dei som er lukkelegast er dei som har sterke sosiale nettverk, seier Carducci.

Kan bli betre
Ifølgje psykologiprofessoren kan ein verte betre i småprat med litt øving.

Eit av Carducci sine råd er å byrje i det små. Ta små kjappe pratar ved kaffimaskina berre for å øve, eller finn nokon som er åleine, til dømes på ein fest eller på skulen, og start ein samtale. Ein bør også satse på å vere snill, ikkje å briljere i alle samtalar, ifølgje Carducci.

LES OGSÅ: Unge må leva opp til glansbilde

Å ha noko å seie er eit anna råd. Ifølgje Carducci er det typisk for dårlege småpratarar at dei insisterer på at dei ikkje har noko å seie. Carducci meiner det heller er meir sannsynleg at desse er svært sjølvmedvitne, og dermed vert for kritiske til seg sjølve. Dersom ein føler at ein ikkje har noko å seie kan ein gjere ein innsats for å lære litt om aktuelle hendingar, det lokale området ein er i eller lokale saker, rådar professoren.

Ikkje ver for sjølvkritisk
Eit anna råd er å ha tenkt på noko informasjon om seg sjølv, som kan få praten i gang. Til dømes kan ein seie noko om kva ein gjer på eller korleis ein kjenner dei andre som er tilstades. Vidare rådar Carducci småprataren til å øve seg på å utvide samtalen. Ein samtale om shopping kan til dømes skifte til ein samtale om nokon du møtte på eit handlesenter, som var frå ein plass ein kan tenkje seg å reise til. Det er først når ein sluttar å tenkje på seg sjølve, men heller på det ein snakkar om at samtalen verkeleg er i gong.

LES OGSÅ: Norske TV-sjåarar skal hjerneskannast

Samstundes rådar Carducci småprataren til å vite kortid ho må slutte å snakke. For ikkje å dominere samtalen, må ein ta pausar og la andre komme til orde. Dersom folk er interessert i emnet ein snakkar mykje om, kjem dei til å stille spørsmål når du sluttar å snakke. Eit anna råd er å ta kjappe småpratar med mange ulike personar. Ved å variere samtalepartnar tek du presset av begge partar i samtalen og hjelper dermed både deg sjølv og andre.

Til sist rådar Carducci småprataren til å komme i tide til selskapet.

– Kjem du inn når festen allereie er byrja, så har grupper allereie blitt forma, og det er vanskelegare å komme inn i samtalen, seier Carducci ifølgje Science Daily.

LES OGSÅ: – 18-åringar er slett ikkje vaksne

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48
ANNONSE