– Framleis veldig aktuell

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Han var mykje større enn det mange forstod, og forut for si tid, seier Sylvi Brustad.  

Brustad er leiar for prosjektet Prøysen 2014, og snart er det duka for ei rekkje tilskipingar. Startsskotet går på Det norske teatret 19.januar med song, teaterframsyning og prisutdeling. Deretter vil det gå slag i slag.  

– Ikkje alle har fått Prøysen inn med morsmjølka, slik eg gjorde. Også den oppveksande generasjonen, minoritetar i Noreg og folk frå andre land, skal få ta del i det Prøysen skapte, fortel Brustad.  

Utanforskap
Ved Høgskolen i Hedmark er det satt i gang ei større satsing. Mellom anna skriv Bjørn Ivar Fyksen doktoravhandling om forfattarskapen til Alf Prøysen. Den sentrale litteraturen er den eine romanen Prøysen skreiv, Trost i taklampa, og laurdagsstubbane i Arbeiderbladet. Fyksen jobbar med Prøysen i lys av arbeidarlitteraturen. Ein litterær tradisjon som Prøysen sjølv var kjent med, men som stod sterkare i Sverige enn i Noreg. Den sentrale tematikken var det undertrykte sjiktet i samfunnet.   

– Min eigen generasjon ser han litt som ein triveleg barnediktar, frå barnetimen eller lesebøker på skulen. Men det er veldig mykje meir hjå Prøysen, det ligg eit politisk potensial der. I tillegg skreiv han mykje om mellommenneskelege relasjonar, minnar Fyksen om.          

Han trur Prøysen framleis har relevans for alle aldersgrupper.  

– Teskjekjerringa er enno god barnelitteratur. For ungdom kan ein del av vaksentekstane hans vera relevante. Dei er korte og lette å lesa. Sjølv om det reint faktisk handlar om ei samfunnsklasse som knapt eksisterer lenger, er det å stå utanfor og å kjenne seg mindreverdig framleis problem som er veldig aktuelle.

LES OGSÅ: – Vi treng ei sterk arbeidarklasse

 Jubel og sjølvkjensle
23.juli ville Alf Prøysen ha fylt 100 år. Da blir det opning av nytt Prøysenhus på Rudshøgda, like ved stua han voks opp, og det er planlagt storstilt bursdagsfeiring.

Gjennom året skal det vera markeringar over heile landet, inntil den nasjonale feiringa blir avslutta 23.november, dagen Alf Prøysen døydde.

 – I ei tid der ein del menneske slit med å finne sin plass i samfunnet, og kjenne at dei er gode nok, er Prøysen sine tekstar mykje verdt.  Alt det flotte han laga og formidla skal takast fram, lovar Sylvia Brustad.

LES OGSÅ: Her er julesongane musikk-Noreg høyrer på