15 millionar filmar lasta ned ulovleg
Nordmenn er storforbrukarar av piratkopiert film, tv-seriar og musikk. Ei fersk undersøking bereknar at vi lasta ned 15 millionar filmar i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Så mange filmar stal me i år
Ulovleg nedlasting av filmar, tv-seriar og musikk trugar framtida til delen av norsk kultur som kan distribuerast digitalt, meiner Norsk Videogramforening (NVF).
Generalsekretær Willy Johansen i NVF meiner ein fersk undersøking dokumenterer problemet, skriv Teknisk Ukeblad.
LES OGSÅ: – Noreg treng Piratpartiet
Slått av søta bror
I undersøkinga er det berekna at vi lasta ned 15 millionar filmar, 35– 40 millionar enkeltståande episodar av tv-seriar og 8– 10 millionar heile sesongar av tv-seriar i 2013. Estimata er basert på ei skandinavisk undersøking der fleire tusen personar i kvart land i alderen mellom 15 og 65 år er spurde om nedlastingsvanar.
Noreg ligg på andreplass i Skandinavia når det gjeld ulovleg nedlasting, etter Sverige.
– Det er formidable tal. Det er dessverre tilgangen til The Pirate Bay som gjer utslag, meiner Johansen.
Pirate Bay blokkert
I Finland og Danmark har internettilbydaren fått pålegg om å blokkera Pirate Bay.
– Resultatet er at nedlasting av ulovleg kopiert innhald har gått ned med 70 prosent i Finland, seier Johansen.
– Vi forstår at vi ikkje får sal av 15 millionar filmar over natta dersom tilgangen til Pirate Bay blir blokkert i Noreg. Men kanskje vi kunne fått til eit sal tilsvarande 20 prosent av dette, seier han.