Her slår han verdsrekorden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Benkpress gjer godt for ryggen, så dette vil eg driva med i lang tid framover, seier Fredrik Eskil Myrvang etter å ha teke uoffisiell verdsrekord og nok ein noregsrekord i benkpress.

SJÅ BILETSERIE FRÅ STEMNET I SOGN AVIS

Medaljegrossist
Bragda gjorde Myrvang under den regionale meisterskapen i Årdal laurdag. Sidan dette ikkje er eit internasjonalt stemne blir det heller ikkje rekna som verdsrekord, men fersk noregsmeister i juniorklassen kan han kalla seg. Det er ein tittel han har hatt krav på fire gonger tidlegare også. I tillegg har han ein sølvmedalje frå VM i Litauen i fjor hengjande på veggen sin heime i Naustdal.

– Eg har alltid hatt stive ledd og problem med krossryggen min på grunn av kortvokstheten. Benkpress er førebyggjande, så motivasjonen min for å halda fram er på topp, slår han fast.

Byrja som 19-åring
Det var i 2009, som 19-åring, at Myrvang for alvor byrja å trena styrke. Det visste seg fort at han hadde eit talent for vektløfting. På sitt første stemne fekk han bestemannsprisen og sidan har det berre gått ein veg. I Årdal i helga vog han inn på 51 kilo og klarde å pressa opp heile 132,5 kilo på stonga.

– Verdsrekorden i utstyrsfritt i denne klassen -53 var på 130 kilo, så eg må seia meg nøgd. Eg var ikkje sikker på at eg skulle greia det då det alltid er litt spenning med domarar og publikum til stades, så eg tok ingenting for gitt. Men eg har faktisk personleg rekord på 135 på trening.

På sitt tredje og siste løft prøvde han seg på 137,5 kilo, men då makta ikkje kroppen meir.

– Det vart rett og slett for tungt.

Årdøl med råsterk debut
Lars Martin Bergerud (32) trossa sjukdomen og stilte på sitt første benkpress-stemne nokonsinne.

– Eg fann ut at eg ville stilla då leiaren i styrkeløftgruppa ville ha meg med. Han meinte at eg hadde bra press i benken.

Forkjølt Halvskral og ikkje i form møtte han likevel opp til innveging då han bestemte seg for å delta på regional meisterskap i klassisk benkpress i heimbygda laurdag.

Og kraftpluggen på 100 kilo innfridde i debuten på heimebane i Årdalshallen. I sitt første løft hadde han ingen problem med å løfta 140 kilo på stonga. Enkelt I sitt andre løft gjekk det litt for fort i svingane og Bergerud fekk underkjend løftet sitt då han ikkje høyrte på signala frå domaren.

I sitt tredje løft imponerte han stort med sine 160 kilo, og det kunne sjå ut til at han hadde meir inne.

– Eg er ikkje heilt nøgd med resultatet mitt. Eg tryggja inn 160 kilo sidan det var mitt første stemne. Eg var nervøs og heller ikkje i form generelt sett, så difor tok eg ikkje meir på denne gongen.

Få deltakarar
Berre tolv deltakarar tok turen til Årdalshallen for å visa musklar denne helga.

– RM er eit stort og viktig stemne som folk burde stilla på, så difor hadde me håpa på fleire deltakarar, spesielt frå bergensområde, seier Geir Reidar Hestethun i styrkeløftgruppa til Jotun.

Han er likevel strålande nøgd med gjennomføringa av stemnet.

– Me fekk med oss erfarne domarar frå Bergen, me hadde fine premiar til utøvarane og stemnet vart elles gjennomført på ein glimrande måte. Det er også tilbakemeldinga eg har fått frå dei tilreisande, seier han.

Sjå video av rekordløftet og biletkarusell frå stemnet i Sogn Avis.