Premier League-laget Fulham jaktar Jacob (15)

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fulham jaktar Jacob (15)

Jacob Tredal går i 10. klasse på Knarvik Ungdomsskule. Han spelar og trenar saman med Nordhordland ballklubb (NBK) sitt A-lag på fast basis, men nyleg byrja han å trena saman med Åsane sitt A-lag ein gong i veka, med Åge Kjellestad som keepertrenar. Åsane spelar til dagleg i 2. divisjon, og Jacob trenar såleis med eit av dei beste laga frå Bergensområdet.

Jacob fekk debuten sin for A-laget til NBK tidlegare i haust, og klarte og halda nullen for seniorlaget, som enda på 3. plass i 4. divisjon denne sesongen

Stolt Son
Kor ofte trenar du kvar veke?

– Eg trenar alt frå åtte til tolv gonger i veka. Det varierer frå veke til veke, men når eg først set i gang, kan eg trena ein time styrke, etterfølgd av to timar med NBK, seier Jacob.

LES OGSÅ: Vil slå saman NBK og Radøy/Manger

Keepertalentet seier at han trenar langsiktig, og han tenker mykje på at han ikkje treng å vere best no, men heller om eit par år.

Med seg på treningar har han pappa Knut Ole Tredal (37).

– Eg er utruleg heldig som har ein far som stiller opp for meg. Han motiverer meg, og han har verkeleg peiling på kva han pratar om, seier Jacob og smiler.

– Eg ser også at treningar med pappa hjelper meg til å prestera ute på bana. Og han skal ha mykje av æra for at eg har utvikla meg mykje dei siste åra, legg han til.

LES OGSÅ: Seier nei til mobbe- app

Han fortel vidare at pappa Knut Ole og han sjølv har brukt mangfaldige timar på kunstgrasbana i Knarvik saman.

Flotte augneblikk
Tiandeklassingen har vorte tatt ut til aldersbestemte kretslag tre år på rad, noko han synest er gøy. Han har også vore med Åsane, Tertnes og NBK sine G-16 lag på eliteturneringar i både Oslo og Stavanger. I tillegg var han med og tok 3. plass i det uoffisielle gute-NM med NBK, og har vore med på å koma til 1/8-finale i Norway Cup. Ung alder til tross, det er ei god samling flotte augneblikk.

Kva er det største du har vore med på i fotballsamanheng?

– I 2012 spelte eg kamp mot den engelske toppklubben Fulham sitt G-16 lag med Tertnes, då vart eg kåra til «Man of the match». Det var utruleg morosamt å vera med på, seier han.

Invitert til Fulham
Ikkje nok med det, den unge keeperen fekk invitasjon av Fulham til å koma til England for å trena med akademiet deira i fire dagar. Fulham ville sjå meir av Jacob, og han reiste bort til balløya saman med resten av familien.

LES OGSÅ: NBK er i økonomisk trøbbel

Det lovande keepertalentet vart tatt ut i troppen, og fekk spela kamp mot Crystal Palace.

– Det var ei fantastisk kjensle, men eg trur aldri eg har vore så nervøs i heile mitt liv. Men det gjekk fint, fortel han.

Framtida
Jacob er enno ung, men ambisjonane er det ikkje noko i vegen med.

– Draumen er å spela med flagget på brystet. Eg veit kva som skal til, og eg skal gjera mitt beste for å oppnå den draumen. Eg skal yta alt eg har, seier Jacob, og viser tydeleg engasjement.

Men akkurat no vil han først og fremst gjera det bra på skulen.

Saka var først publisert i Nordhordland.