Over meg er det svart. Kring meg er det svart – det er natta. Klokka er litt over fem på morgonen.

Siri Helle/ Dag og Tid
Siri Helle/ Dag og Tid

Eg lenar meg over ripa på garnbåten «Poseidon». Under meg er det òg svart. Det er havet. Den halvfaste, halvt gjennomskinlege vassoverflata skjuler det elementet økonomien vår, og dermed vi, er mest avhengig av, har minst kontroll over og minst til felles med. Der, midt i den svarte endeløysa dukkar det opp eit rosa håp: bøya. Ein fiskars stadige forventning: Kva er det i det neste garnet?

Lenge, i alle fall sidan 70-talet, har vi fått høyre at fiskeriet i Noreg er overbemanna. Ressursbruken må ned for å auke lønsemda. Forvaltning og lovgjeving har peika i éi retning: store båtar, mykje fisk og lite arbeid. Kvotesystem skal fordele goda. Og ja då, bruttoprodukt per timeverk er sju og ein halv gonger høgare i 2007 enn i 1990, samtidig som tal sysselsette er redusert med ein tredjedel. Tal kan altså tyde på at satsinga har lukkast.

Men det svarte havet skjuler mange løyndomar. Nokre av dei er eigentleg godt synlege der dei ligg og duppar i kystnær havoverflate: Kystflåten vår lever framleis. I alle høve i Helnessund, Steigen kommune, Nordland.

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg

Ung skipper
Jon Vegard Strømsnes er 31 år og skipper på sin andre båt. Han har aldri vore i tvil om at det var på havet han skulle vere:

– Nokre av dei fyrste orda eg sa, var at eg skulle bli fiskar.

Etter fagbrev tok han hyre på stor båt og la seg opp litt pengar. Pengane enda i ein liten sjark, med ein god kvote. For to år sidan vart liten båt til litt større båt: «Poseidon» er med sine 44 fot av dei største båtane som har heimehamn i Helnessund. Likevel står han med kjølen godt planta i kystflåten.

Omsett til landkrabbespråk er 44 fot 13,4 meter. Kystflåten er definert som båtar under 28 meter. Resten av driftsforma ligg litt i ordet: fiske i ein- eller todagars avstand frå kysten. Ut i grålysninga, inn på ettermiddag, lever fisken på mottaket, heim til middag og eiga seng på stille-ståande grunn. I motsetnad til havfiskeflåten, som går lange avstandar, er ute i ein månad om gongen og sel fisken der dei får best pris.

Fiskeriet varierer med sesongen: Om vinteren grip torskefeberen stort sett heile næringa. Utover våren fiskar Jon Vegard blåkveite, medan det no på hausten er breiflabb og kveite det går i. Jon Vegard bøyer seg over skjermen i styre-huset for å syne meg korleis han tenkjer når han set breiflabbgarn.

– Ser du, her er djupnekurvene. Di mørkare farge, di djupare er det. Eg prøver å setje langsetter ei kurve, slik at heile garnlenkja vert ståande på same djupn, langs botnen.

LES OGSÅ: Ber ungdom dra til sjøs

Fargemangel
Etter kvart vert det lyst, men det er som om nokre av fargane har gløymt å vakne denne dagen. Som om både gul og raud har forsove seg. Her er berre blått – blått mot grått, blått mot svart, blått mot kvitt. Ikkje berre i havet, som framleis er mest svart, med små, kvite skumtoppar på sjølv om det er stilt i dag. Toppane liknar fjella, Lofotveggen har teke snøfrakken på. Berre dei gule måsenebba med ein liten, raud flekk på minner oss om at resten av verda finst.

Ei garnlenkje er mellom tretti og femti garn. Lodd gjer at garna søkk til botnar, bøya og GPS-merking gjer at vi finn at garna seinare. På breiflabbfiske kan Jon Vegard ha opp til fem hundre garn i sjøen samtidig. Difor har han fem hundre garn. Dei kan maksimalt stå i tre dagar. Difor står dei i tre dagar.

Breiflabb er likevel kvalitet meir enn mengd. Kiloprisen levert til mottak er i overkant av femti kroner – medan sei og hyse ligg mellom sju og åtte.

– Ein seks–sju flabbar bør det vere per garnlenkje, meiner Jon Vegard.

Altså skal det ikkje fløyme fisk over ripa, berre drype sånn passeleg.

Klår tale
Norsk fiskeriforvaltning slik vi kjenner ho i dag, byrjar med sildekrisa i 70-åra: Overfiske førde til avgrensingar i uttaket. Så kom innføringa av 200-milssona i 1977 med økonomiske soner og kvoteregulering som stengde tilgangen for utanlandske fartøy til norske fiskeriressursar. Til sist gav saltvassfiskelova i 1983 styresmaktene høve til å innføre kvotereguleringar for dei ulike fiskeria: Fangstkvantum kunne fordelast både artsspesifikt, geografisk og ikkje minst mellom ulike fartøy.

Sidan har ei rekkje lover, forskrifter og kvoteregime passert små og store fiskebåtkjølar. Felles er ein overgang frå eit allmenningsprinsipp til strengare og strengare regulering. Fiskeridirektoratet lagar notatet «En praktisk tilnærming til en økosystembasert fiskeriforvaltning i Norge» som utgangspunkt for diskusjonar kring reguleringsmøte. Sjeldan har byråkratspråk uttrykt seg klårare:

 «Gjennom stenging av allmenningen, avvikling av subsidier og gjennomgripende strukturtiltak, har det lyktes å bremse veksten i fangstkapasitet. Reduksjonen i antall fiskere og fiskefartøy har bidratt til økt produktivitet og forbedret lønnsomhet for de som er igjen i næringen. (…) Færre fiskere og fartøy har på den annen side redusert næringens rolle i opprettholdelsen av bosetting og syssel-setting i næringssvake kyststrøk.»

– Vi ser det overalt: New Zealand, Canada, USA har alle innført kvoteregulering under dekke av berekraftig fiske, når målet eigentleg er å redusere talet på fiskarar.

Bente Aasjord bur i Helnessund. Ho er statsvitar, leiar i grendalaget og sat i den raudgrøne regjeringas strukturutval for fiskeflåten i 2010.

– Fiskeriet har aldri vore det dei kalla «fritt»: Det har alltid vore regulert – av reiskapar, tid og område.

Vi viklar oss ut av kvotenettet
Fiskekvoteverda har om lag like mange boksar som det er hol i garna til Jon Vegard Strømsnes. Sidan vi går for storfisken i dag, satsar vi alt på eitt digert hol: strukturkvotane. Det er i hovudsak deira forteneste at så mange ekkolodd, GPS-ar, FM-radioar og generelle fiskarøyro har vore stilte inn mot Høgsterett denne hausten. Rettssaka kring evigvarande kontra tidsavgrensa kvotar var likevel meir spennande før vi fekk ny regjering som står samla kring tidsuavgrensa strukturkvotar.

Ein strukturkvote er ein kvote du kan flytte mellom båtar – eller slå saman på færre fartøy. Med andre ord: færre hender, færre fiskarar, like mykje fisk. Lenge har dei minste båtane, dei under 11 meter, vore unnatekne slik strukturering. Det ynskjer dei blå-blå ein slutt på.

– Eit kvotesystem vil i praksis seie å betale for fisken før du har fanga han, påpeikar Bente Aasjord.

Dette har til no vore redusert for dei minste båtane. Ein av grunnane er å halde inngangsprisen låg: Får ein båt fleire kvotar, stig prisen. For til sjuande og sist handlar det om rekruttering.

– Her er flåten under 11 meter kritisk viktig: det er der ungdomen byrjar, slår Bente Aasjord fast.

Jon Vegard Strømsnes er òg leiar i Fiskar-laget i Steigen.

– Vi jobbar jo aktivt med rekrutteringa, men det er utfordrande, vedgår han.

– Færre vel å satse på fisket. På den andre sida treng vi ikkje alle heller: Det held med ein galning som vil satse.

Fabrikkny båt
Ein slik galning var kanskje Helga Karlsen ein gong. Med kring ti år att til pensjonsalder er ho no mellom seniorane i fiskemiljøet i Helnessund. Det var ikkje heilt sjølvsagt. Helga er oppvaksen på gard, men gifta seg med ein fiskar.

– Då eg mista sambuaren min i 1991, hadde eg blitt høyrande heime på havet. Difor vart det til at eg tok over båten og bruket.

Helga dreiv i sju år med gamlebåten før ho i 1998 investerte i ein ny – åleine. Dersom det var nokon som lurde: 99 prosent av fiskarane er menn.

– Kva reaksjonar fekk du?

– Jo, det var no forskjellig. Ein spurde meg, i stort alvor: «Trur du det går bra, dette då?» «Nei det veit eg ikkje», sa eg, «men dersom det er arbeidet det går på, så skal det no ikkje stå på det frå mi side i alle fall».

Det Helga ikkje fortel meg, men som eg høyrer på bygda, er at då ho investerte i 1998, var det ingen andre som hadde gjort nett det i Helnessund på femten år. I 2013, når eg finn Helga Karlsen i full gang med å gjere opp fangsten, er det ikkje nokon femten år gamal båt ho kjem klatrande ut av: «Monsbøen», 10,65 meter lang, var skinande fabrikkny i januar. Han er utstyrd med liner og fiskar for tida sei og hyse. Nybåten er førti centimeter breiare og noko djupare, slik at det vert plass til litt meir fisk på kvar tur. Men kvifor satse no på liten båt?

– Det er no kampen for å overleve, dette då, meiner Helga.

– Dersom krisa kjem, er det dei med mest gjeld som ryk fyrst, og det er stort sett dei større båtane. At fisken fornyar seg sjølv, er både eit gode og eit vonde – vi kan ikkje styre fisket. Difor er det greitt å hugse på at ingen av oss kan ete seg mett meir enn ein gong. Eg fiskar for jakta. Det er det som er spenninga. Pluss at vi produserer mykje mat.

Ein linebåt som Helgas produserer ikkje berre mykje mat, han produserer god mat òg. Linefiska fisk har jamt over best kvalitet, best dyrevelferd og lågast CO2-utslepp per kilo fangst.

Breiflabbmangel
På veg mot siste garnlenkje gjer Jon Vegard og matrosen Elmar Johansen opp fangsten sin så langt. Endeleg får måsen det han har venta på: I heile dag har han vore der – ein trufast tilhengjarklubb. Dei er litt like, fiskaren og måsen. Fuglen heng over båten, på vengene eller stille duppande på vasskorpa. Aldri gjev han opp vona om ein liten matbit: ei krabbeklo, torskelever eller ein breiflabbkjake. På same måte er fiskaren evig optimist: Ja vel, så var det ikkje så mykje i dette garnet. Då gler vi oss til neste. Kanskje er det meir der. Det må vere meir der.

Vi har nemleg ikkje vore i nærleiken av dei seks–sju lenkjefiskane denne dagen. Heile sesong-en har i grunnen vore eit dårleg breiflabb-år. I fjor var det derimot kjempefiske på breiflabb. Kva har skjedd? Kanskje går flabben djupare no enn han har gjort før? Breiflabb går djupt ned for å gyte, sumaren var varm i år, kanskje har han berre blitt verande der nede? Eller kanskje er det ryggsekken eg, i mi vankunne, har drege med meg om bord?

Siste garnet er det lengste, femti meter er lenkja. I tillegg står det på nypløgd mark: Det er fyrste gongen nokosinne at Jon Vegard dreg garn nett her. Kanskje får vi berre tang? Breiflabben likar seg i tang og tare, for så vidt, men det tek timevis å reinse garna etterpå. Vi heng spente over ripa. Lenge er det svart. Så: Ein flabb kjem, to, tre, og endeleg får vi med oss kveita òg. Stemninga stig.

– Det var om lag halve garnet, seier skipperen, rimeleg nøgd.

– Då tingar vi tre breiflabbar og ei kveite til på neste halve!

Sjefen flirer.

Lenge er det tomt. Så: ein breiflabb. To. Tre! Tomt lenge, ja, ja, det var vel det då. Men nei – der dukkar siste kveita opp og – som tinga. Ryggsekken min er kanskje orsaka enn så lenge.

– Du skulle ha tinga hundre! meiner Jon Vegard likevel. Det er alltid rom for litt meir. I dag har fangsten berre så vidt dekt inn drifts-utgiftene. Då er det godt å ha fleire føter å stå på:

– I mai tente vi ein halv million på ti dagars blåkveitefiske. Det var moro, det.

Saka var først publisert i Dag og Tid.


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE