– Å ikkje høyre noko, kan vere litt behageleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

13-åring med høyreapparat

Eg tek ein strikk over hovudet når eg vaknar. På strikken er det festa eit høyreapparat. Utan høyreapparatet, høyrer eg nesten ingenting. Viss apparatet går tomt for batteri eller det vert øydelagt, brukar eg teiknspråk.

LES OGSÅ: Ikkje ver redd for døve! 

Bør lære seg å lytte
Når eg snakkar med andre og skal prøve å oppfatte alt, kan eg verte sliten. Då kan det vere godt å ta av seg høyreapparatet, for då vert det heilt roleg. Å ikkje høyre noko, kan vere litt behageleg.

Dei som er høyrande er vant med å snakke i munnen på kvarandre. Det er irriterande. Dei burde lære seg å lytte på kva de andre seier, før dei avbryter. Eg har og ofte lyst til å avbryte, men eg klarar å halde meg. Vi som er døve og tunghøyrte er flinke til å ikkje snakke i munnen på kvarandre.

Høyrande barn brukar kanskje å skrive lappar i klasserommet, det treng ikkje vi. 

Viss læraren snur ryggen til, kan vi bruke teiknspråk for å snakke med kvarandre. Av og til har vi ein døv lærar, då kan vi berre bruke talespråk viss vi vil at læraren ikkje skal få det med seg.

LES OGSÅ: Vil ha teiknspråk valfag

Teiknspråk i kassa
Det er morosamt å vere i byen saman med døve vener og bruke teiknspråk. Alle ser på oss og vi kan prate om alt utan at nokon forstår. Det kan vere litt skummelt og, for av og til kan det vere noen som forstår teiknspråk.

Ein gong stod eg og ei venninne i kassen og skulle betale noko, og det tok det så lang tid. Vi vart så lei av kor tregt det gjekk og klaga over det på teiknspråk. Då det vart vår tur, sa han i kassa kva det kosta –  på teiknspråk. Då skjønte vi at han hadde fått med seg alt. Vi vart flaue og raude i ansiktet.

Eg drøymer om å jobbe med nyhende. Eg ynskjer å prate med folk om ulike emne. Å vere journalist ser kjekt ut og ein får oppleve mykje. Eg kunne tenkt meg å jobbe i ein avis. På grunn av hørsla veit eg ikkje om det er mulig å verte journalist. Det er kjipt.

QUIZ: Kan du teiknspråk?

Saka var først publisert i Aftenposten og Magasinett.


Thien Ba Duaong (nærast) og Viktoria Hovda Rørvig fortel kvarandre med teikn om kva dei vil gjere i neste friminutt. Julie Mauland får råd av lærer Bente Thorstensen ved hørselsavdelinga ved Auglend skole. Foto: Silje Katrine Robinson

Faktaboks

Viktoria Hovda Rørvig (13), Stavanger

• Likar: Å danse, drive med musikk og vere saman med vener  

• Annleis: Har vore tunghøyrt sidan fødselen, brukar høyreapparat

• Draumar om å verte: Nyhendejournalist