Curiosity fann teikn til liv på Mars
Romkøyretøyet Curiosity på Mars har funne restar av ein gammal innsjø der det kan ha vore primitive former for liv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fann teikn til liv på Mars
Det er ikkje vatn igjen, men boreprøvar og ein kjemisk analyse av steinane tydar på at det kan ha vore sjøvatn der for milliardar av år sidan.
Steinane hadde teikn på karbon, hydrogen, oksygen, nitrogen og svovel, noko som tyder på at dei har vore i kontakt med vatn, heiter det i ein artikkel i tidsskriftet Science. (©NPK)