– Skuterrapport blir misbrukt
Forskar Margrete Skår ved Norsk institutt for naturforskning meiner ei evaluering av det førre forsøksprosjektet med snøscooterkøyring tilbake i 2005, blir misbrukt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skuterrapport blir misbrukt
Fleire tilhengarar av rekreasjonskøyring med snøscooter har i ettertid hevda at forsøksprosjektet frå 2001 til 2005 var vellykka. Margrete Skår som evaluerte forsøksprosjektet, seier det er feil å framstille forsøket som ein suksess, skriv Aftenposten.
Solberg-regjeringa har varsla at alle kommunar som har søkt, kan få vere med i ei forsøksordning der kommunane sjølve kan gi løyve til rekreasjonskøyring med snøscooter i utmark.
– Styresmaktene tek ein stor risiko ved å vidareføre forsøksordninga til 108 kommunar, seier forskaren og understrekar:
– Vår hovudkonklusjon var klar: Å innføre nye køyreføremål – som rekreasjonskøyring i tillegg til nyttekøyring – førte til auka støy og trafikkbelastning totalt sett i forsøkskommunane. Hovudkonklusjonen i rapporten har ofte stått unemnd i ettertid, samtidig som andre resultat er vridd på, noko som jo ikkje er uvanleg ved sterkt politiserte saker, påpeikar ho. (©NPK)
LES OGSÅ: DNT ut mot snøscooterpolitikk