Så sant som det ikkje er sagt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magnhild Bruheim
Det som er sant
Roman
138 sider
Samlaget

Linn og Solveig er bestevener. Dei er femten år gamle, speler gitar og handball, og festar. Når vi møter dei, er det fest heime hos Hanna i klassen. Vertinna er litt for full, og det er komen langt fleire gjestar enn venta. Linn, som er forelska i den to år eldre gitarlæraren Sander, sit heile kvelden og ser etter han. Kanskje vil noko hende mellom dei i kveld?

Men Sander bryr seg ikkje om Linn, han dansar og flørtar med Hanna, som Linn ikkje likar noko særleg. Med eitt er Hanna og Sander vekke, og dei blir borte ei lang stund. Når Hanna så dukkar opp att, ser dei at ho ikkje har det bra.

Ungdomsromanen til Magnhild Bruheim tek oss rett inn i ei kvardag der det som betyr noko er å vere populær og sjå bra ut. Hovudpersonen Linn greier seg ikkje så verst i makthierarkiet, takk vere venninna Solveig. Plutseleg er ho hamna i ein lojalitetskonflikt mellom bestevenninna og han ho er forelska i.

Kva skjedde eigentleg mellom Hanna og Sander? Hanna meiner at Sander gjorde noko han ikkje burde, men Sander seier at Hanna var med på alt dei gjorde. Kven sin versjon skal ein tru på? For Solveig vert det viktig å forsvare Hanna. Det er Solveig som ber ho melde det til politiet, det er Solveig som talar Hanna si sak framfor heile klassen, og det er Solveig som lagar Facebook-opprop til støtte for «valdtektsofferet Hanna». Men går ho for langt? Både Linn og lesaren stussar nok over Solveig sitt veldige engasjement i saka.

Boka behandlar ein overgrepsproblematikk med vekt på å ikkje vere dømmande. Som lesar veit vi ikkje meir om kva som er skjedd enn karakterane sjølve, men vi ser frå utsida korleis det dannar seg supportergjengar for dei to involverte, basert på alt anna enn det som reint faktisk skjedde.

Både Hanna og Sander vert òg utsette for fordommar og hets i form av stygge meldingar og vondsinna rykte. Ein blir, medan ein les, sittande og tenke over kor skadeleg sånne rykte kan vere. Når det i historia stormar som verst, minner Linn oss om det viktigaste: å søke det som er sant.

Boka syner fram at det finst fleire moglege sanningar, og ein vert ikkje leda til å meine det eller det, eller halde med den eller den. Openheita gjer at boka òg er veleigna som grunnlag for diskusjon om temaet med unge.

Det som er santhar godt driv gjennom kapitla, men eg hadde nok ønskt eit litt strammare språk. Eg synst òg at dei femtenårige karakterane innimellom ber vel vaksne stemmer, som kan verke som talerøyr for ei vaksen haldning. Men på same tid – den opne haldninga er boka si store styrke.

Les også: Blodig spenning frå Bruheim

Les fleire bokmeldingar her!