Selma Lønning Aarø: Akkurat passe kåt

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier forfattaren Selma Lønning Aarø. I romanen Jeg kommer snart skriv ho om Julie, som aldri har hatt orgasme og som tar seg ei veke fri for endeleg å kome.

LES OGSÅ: Skreiv Noregs nest løgnaste

Den nye skamma
Det er ikkje heilt det første ho seier til meg, men det kjem ganske fort opp i samtalen:

– Ein kan snakke om med venninner om alt kva ein gjer, ein har lov å putte kva som helst opp i alle hol, men det er ganske sjeldan at nokon seier «eg får ikkje dette til», eller «eg har ikkje fått orgasme». Samstundes så har ei av tre kvinner utfordringar med dette. Så då må det jo vere eit tabu!

Ho fortel om boka si Jeg kommer snart, som nett er komen ut, og eg spør om kvar ideen til boka kom frå, då ho fortel om korleis ho oppdaga dette siste av alle tabu.

– Ideen til boka kom då eg høyrde på eit radioprogram der den svenske komikaren Mia Skäringer plutseleg dukka opp, og så sa ho, «I mitt neste liv skal eg bli kåt, men ikkje for kåt, men sånn passe kåt». Så plutseleg gjekk det opp for meg, at det er det som er standarden. Du skal ha mann og to pene barn, og du skal vere akkurat passe kåt. Og idealet vert då plutseleg at du skal ha lyst! Dette måtte eg skrive om.

LES OGSÅ: Alvorsprat med morosam dame

Skamforskyving
Etter denne aha-opplevinga fall ein del ting på plass. Selma fortel at ho då fann ut at ei rekke tekstbrøker ho hadde frå før fann den ramma dei trengte, og vips, var boka der.

Der skriv ho om forfattaren Julie som har mann, tre barn og au pairen Ludmila, og som tek seg ei veke fri saman med ein nyinnkjøpt vibrator, Mr Rabbit, for å endeleg oppleve dette som så mange snakkar om, som Dagbladet skriv om kvar helg, og som ho aldri har sagt til nokon at ho ikkje har opplevd. The Big O. Orgasmen.

Det har blitt ei humoristisk og sår forteljing som kjem med meir enn eit kritisk spark til vår eiga tid, og orgasmemaset i media. Samstundes står boka i ein lang tradisjon av romanar som tematiserer nett skam, makt og kjønn.

I boka tenkjer forfattaren Julie på å skrive ein ny versjon av Frøken Julie, skodespelet av den svenske forfattaren Strindberg. I stykket mister adelege Julie alt, etter at ho har eit forhold til tenaren Jean.

– Sjølv om Julie i stykket har ein mykje høgare posisjon i samfunnet enn Jean, så trumfar hans seksuelle makt alt. Det irriterer og provoserer Julie i romanen, og meg òg for den del, legg Selma til.

LES OGSÅ: – Større aksept for sexleketøy

Mot den normale seksualiteten
Der det før var tabu at kvinner hadde lyst, er det no tabu om dei ikkje har det – og før som no er det ei rekke folk og institusjonar som vil definere kva ein normal, kvinneleg seksualitet er.

Dette er noko som provoserer både Selma og romankarakteren Julie. Etter utallege oppslag i Dagbladet om coregasms (treningsorgasme), kvinner som kjem på eit blunk og det eine med det andre, ringer Julie til journalisten og konfronterer han med artiklane han skriv.

– Når ho ringer til journalisten så tenkjer ho nok at han er ubetenksam når han pøser ut alt dette stoffet, utan å tenkje på kva press det skaper for henne.

Selma meiner det er alt for stort fokus på kva som er normalt, og at dette vert definert dels av media som skal selje aviser, få sjåarar og klikk, og dels av legemiddelfirma som vil utvikle medisinar dei kan tene pengar på.

– For at nokon skal kjøpe ein medisin må dei lage ein diagnose, og dermed definere desse kvinnene som sjuke. Det er store, store økonomiske krefter bak dette, seier ho, og fortel om dokumentaren Orgasm Inc, som syner korleis normale kvinner vert sjukeleggjorte i møte med legemiddelindustrien.

Samstundes er det mange som reagerer negativt om kvinner har for mykje lyst òg.

– Eg har jo òg sett på Paradise Hotel i det siste, og desse mennene har jo hundre år gamle haldningar. Sjølv skal dei ligge med hundre damer, men så seier dei «du vil jo ikkje ha ei kjæraste som har lege med så mange. Du vil jo ha ei kjæraste som er ordentleg». Og dette er dei mest frigjorte mennene vi har i dag! Der er vi enno. Ei jente som seier at ho gjer som ho vil, som seier at ho ligg med dei ho vil, ho vil alltid tape. Det er veldig vondt.

LES OGSÅ: Politikk og Paradise

Fake it 'til you make it
Å vere akkurat passe kåt – ikkje for mykje og ikkje for lite – det er kanskje fleire enn Mia Skäringer som draumar om å vere normale. Julie tek seg ei veke fri frå skrivinga med Mr Rabbit, og når veka er omme har ho brukt batteria opp og fortalt nesten heile livshistoria si. Om ho kjem eller ikkje kan vi ikkje avsløre, men det er freistande å stille forfattaren eit siste spørsmål.

– Kva er eigentleg det største problemet til Julie, at ho ikkje får orgasme eller at ho føler ho burdefå orgasme? Og finn ho eigentleg ei løysing i løpet av boka?
– Eg trur det Julie er mest oppteken av er kva folk tenkjer om henne, og når ho har late som heile livet er det jo nett derfor. Men eg trur ho blir nøgd med løysinga ho finn til slutt, smiler Selma lurt. 

LES OGSÅ: Sånn oppstod kysset

Faktaboks

Selma Lønning Aarø (f. 1972)

• Forfattar og spaltist frå Stord i Hordaland

• Debuterte med Den endelige historien (1995)

• Aktuell med romanen Jeg kommer snart