Alle skal få seie sitt, og snøscootersaka skal opp for Stortinget før noko blir vedteke, lovar miljøvernminister Tine Sundtoft (H). Ho blir møtt med djup mistillit.

NPK-NTB-Linus Røvik Hauge og Steinar Schjetne
NPK-NTB-Linus Røvik Hauge og Steinar Schjetne

Statsråden går no i rette med organisasjonane som måndag samla seg i Oslo til krisemøte i protest mot utvidinga av forsøksordninga med fritidskøyring med snøscooter. Alle kommunar som vil vere med, får lov. Det vil seie totalt 105 kommunar, og ifølgje kritikarane er det så å seie alle kommunar i landet der det er mogleg å drive fritidskøyring med snøscooter.

– Ei forsøksordning er ei forsøksordning. Ho er tidsavgrensa og blir brukt til å hauste erfaringar. Endelege forslag til permanente endringar skal ut på brei høyring og skal sjølvsagt leggjast fram for Stortinget på vanleg måte, seier Tine Sundtoft til NTB.

Departementet opplyser at forsøksordninga skal vare frå 2014 til 2018 og poengterer at ho går ut på å overlate til lokale styresmakter å vurdere om og eventuelt kvar scooterkøyring kan tillatast. Det er uansett ikkje snakk om noko frislepp, ifølgje departementet.

LES OGSÅ: DNT ut mot scooter-politikk

Dobbeltspel av regjeringa

– Statsråden driv eit dobbeltspel og fortel ikkje heile sanninga. Dette er eit reint proformaprosjekt for å tilfredsstille ønskjet frå Framstegspartiet om å komme i gang med scooterkøyring så raskt som mogleg, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO).

Han hevdar forsøksordninga vil vere heilt utan verdi når ho er avslutta, fordi regjeringa køyrer lovprosessen parallelt. Stortingsvedtaket skal avløyse forsøksordninga, seier Heimdal, som tar det til inntekt for at regjeringa eigentleg ikkje har tenkt å bruke kunnskapen forsøket gir, til noko som helst.

Eit samla norsk friluftsliv, naturvernorganisasjonar, grunneigarar og skogeigarar møttest i Oslo måndag for å finne ut korleis dei skal klare få regjeringa til å snu. Under møtet slutta også Norges Bondelag og Norsk Hyttelag seg til alliansen, der også Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Bellona og Sabima inngår saman med paraplyorganisasjonen FRIFO.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Skogeierforbund er framleis avventande.

LES OGSÅ: Ungdom vil ha meir scooter-politi

Opp til kommunane

Regjeringa er i Sundvolden-erklæringa heilt klar på at ho vil gå inn for dei lovendringane som må til for at regimet i forsøksordninga skal bli permanent. Kommunane veit best, meiner regjeringa, og dei skal difor sjølve få gi løyve til scooterkøyring i utmark.

– Det vil vere eit nasjonalt regelverk, men kommunane skal fatte avgjerder og gi dispensasjonar om motorferdsel i utmark, sa statsminister Erna Solberg (H).

– Vi meiner regjeringa går fram på ein sannsynlegvis ulovleg, men i alle fall uryddig måte, med å presse gjennom ei endring for rekreasjonskøyring i Noreg, utan at Stortinget er ordentleg involvert. Vi meiner det er udemokratisk og svært uheldig for alle partar, seier Heimdal.

Vedtaket om å utvide forsøksordninga vart førre veke klaga inn for Sivilombodsmannen. Heimdal er oppgitt over statsråden som han meiner forsøkjer å misbruke ei forsøksordning for å innføre ei nasjonal endring.

– Statsråden bør vente til det er avklart om framgangsmåten er lovleg. Det har ho avvist, og det oppfattar vi som provoserande, seier Heimdal. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48
ANNONSE