Aleksander vil verta pilot

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tirsdag og onsdag denne veka vart det arrangert utdanningsmesse i Nordhordlandshallen for heile 2000 ungdommar i alderen 14–18 år.

Blant dei som var på messa var Aleksander Åkvåg og Christian Iversen, begge elevar i niande klasse ved Knarvik ungdomsskule.

– Høyrest gøy ut
Når avisa Nordhordland møter dei, står dei og partar med politiet, som var ein av 70 stands i hallen. Dei spør og grev om det meste, og politiet viser fram kva dei har å by på av utstyr. Men begge to må innrømma at det er ikkje det å verta politi som står øvst på agendaen for dei.

– Nei, men det høyrest jo gøy ut å vera i Utrykingspolitiet og stoppa folk som køyrer ulovleg, seier Åkvåg.

– Eller å rykka væpna inn i leilegheiter, seier Iversen.

Åkvåg seier han har mest lyst til å verta pilot i forsvaret, medan Iversen satsar på kokkeyrket.

Begge er nøgde med messa.

– Det har vore mykje god info å få og vi har fått utruleg mange brosjyrar, seier Iversen.

Begge to har backup planen klar om ikkje fyrstevalet deira slår til. Då vil begge verta anleggsmaskinførarar.

– Eller så vil eg ha eit eige program på Discovery der eg testar store maskiner, seier Iversen.

På standen stod mellom anna politistudent Maria Øyen frå Mongstad og Marianna Kalnes som har vore politi i ni år.

LES OGSÅ: Desse fagfolka blir det mangel på

Treng fleire jenter
– Vi skal profilera politiet, men det er eit populært yrke, så det rekrutterer seg nærast sjølv, seier Kalnes.

– Og så er det kjekt å snakka med ungdommen, for dei har mange spørsmål dei lurar på.

– Kva lurar dei på?

– Alt frå kor lang utdanning det er, kor god løna er og om vi får gå med våpen og køyra med blålys, seier ho.

Ho seier det er ei overvekt av jenter som tek kontakt med dei.

– Og det er positivt, for det treng vi i politiet, seier Kalnes.

Blant dei 70 standsa som var på messa, elles ny rekord, var det veldig mange mekaniske bedrifter frå regionen, samt ein del smalare vidaregåande skular.

Oda Riis Sagstad frå Lindås sakna fleire skular frå Bergen.

– Eg skal flytta til Bergen og gå på vidaregåande skule der. Eg har snakka med Akademiet og liknande her, men det var ikkje så mange skular frå Bergen her. Det burde dei hatt fleire av, meiner ho.

Ein som alt er i gang med den vidaregåande utdanninga si, er Ole Jørgen Hjelmtveit Morken.

LES OGSÅ: – Må søkje seg til utkantane

– Kan ein gassmotor gå på diesel, er vel det raraste spørsmålet eg har fått i dag, seier Julie Pressvik. Ho er er industrimekanikarlærling hjå Rolls Royce, men nytta messa til å få ein sjekk på Høgskulen i Bergen sin stand. Pressvik stod sjølv på stand og svarte på spørsmål. Foto: Yngve Garen Svardal

Sjekkar ut alternative sine
Han utdannar seg innan elektrofaget og står og på stand for utdanninga. Men når Nordhordland møter han er han i full gang med å ta armhevingar med ein lufttank på ryggen på standen til brannvesenet.

– Er draumen å verta brannmann?

– Eg veit ikkje. Eg har ikkje bestemt meg. Men eg går elektrofag no då, seier han.

– Kvifor tok du armhevingar no?

– For eg tykkjer det er kjekt å utfordra meg sjølv, seier han.

I tillegg til å stå på stand og få ei treningsøkt ut av det, har han sjølv vore rundt til ulike bedrifter han vil jobba for etter utdanninga.

– Eg har gått rundt og lært kva eg kan gå vidare på, seier han.

Draumen er å verta automatikar når han er ferdig.

– Men det kan jo vera eg ombestemmer meg seinare, seier han.

LES OGSÅ: Her får du hjelp til å velja utdanning

Statoil hadde truleg den standen som var lettast å sjå. Foto: Yngve Garen Svardal

Les saka i Nordhordland!