– Overvaka 33 millionar norske mobilsamtalar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Noreg mest overvaka

Den amerikanske etterretningstenesta National Security Agency (NSA) skal ha overvaka meir enn 33 millionar mobilsamtalar i Noreg i ein periode på 30 dagar, ifølgje dokument frå varslaren Edward Snowden som Dagbladet har fått tilgang til. Dokumentet har tittelen «Norway – Last 30 days» og viser at i perioden 10. desember 2012 til 8. januar 2013 skal heile 33.186.042 samtalar ha blitt registrerte på norsk jord.

Dokumentet er av same type som Snowden tidlegare har leke om overvaking i Tyskland, Frankrike, Spania og Brasil og India. Noreg blir no det sjette landet, og samstundes den europeiske nasjonen som har hatt flest samtalar registrerte i forhold til folketalet, skriv Dagbladet.

LES OGSÅ: – Snowden-avsløringar kan skapa vanskar for Noreg

Ifølgje avisa svarar talet på overvaka samtalar til kring 10 prosent av den samla telefontrafikken i det aktuelle tidsrommet.

I same periode har Spania med 47 millionar innbyggjarar fått 60 millionar samtalar registrerte, Frankrike med 64 millionar menneske har fått rundt 70 millionar samtalar registrerte, mens Nederland, med 17 millionar innbyggjarar har fått registrert 1,6 millionar telefonsamtalar i perioden. Samtalane skal ikkje vere avlytta. Telefonnummera til den som ringjer og den som blir oppringt, lengda på samtalane og kvar telefonane er, i tillegg til serienummer på telefonane, blir registrert.

LES OGSÅ: USA overvakar sosiale medium