Éi av ti jenter har blitt pressa til sex

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éi av ti har blitt pressa til sex

Det viser ei omfattande undersøking om seksuell trakassering blant elevar på vidaregåande skular i Sør-Trøndelag.

Undersøkinga viser at også nesten 55 prosent av jentene og over 40 prosent av gutane har blitt utsette for seksuelle kommentarar om kropp, utsjånad og privatliv, skriv forskingsmagasinet Gemini.

– Dette er skremmande høge tal, seier NTNU-forskar Leif Edward Ottesen Kennair til NRK. Han og medforskar Mons Bendixen står for undersøkinga, som er den første kartlegginga som er gjort av seksuell trakassering på vidaregåande skular i Noreg.

LES OGSÅ: – Unge trakasserer kvarandre for å få sex

Undersøkinga frå 2007 viser også at gutar blir seksuelt trakasserte både av jenter og av andre gutar. Det var eit fleirtal av gutar som opplevde det som vanleg å bruke homonegative eller seksuelt negative omgrep til å omtale andre gutar. Gutane syntest også i større grad enn jentene at det var greitt å kalle andre for hore, kuk, homo, lesbe og liknande.

– Trakassering har heilt klart helsemessige konsekvensar, som angst, depresjon og dårleg sjølvbilde, seier Bendixen.

Forskarane, som allereie er i gang med ei ny og større undersøking om sextrakassering blant vidaregåandeelevar, håper funna deira blant anna kan lære elevane å signalisere at dei er interesserte i sex utan å krenke andre. (©NPK)

LES OGSÅ: – Eit nei er eit nei, jenter!